Det blir ikkje opna for kvotefri gaupejakt i Vestland i 2023

Bakgrunnen er lite skadeomfang dei seinare åra, og at gaupebestanden på landsbasis er under bestandsmålet for arten.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.01.2023

Rovviltnemnda har vedteke at det for 2023 ikkje blir opna for kvotefri gaupejakt i rovviltregion 1, der Vestland fylke er med.

Rovviltnemnda sitt vedtak vart påklaga av Agder Bondelag m.fl., men nemnda oppretthaldt vedtaket sitt. Vedtaket vart så sendt over til klageinstansen, som er Klima- og miljødepartementet.

Departementet kom i si vurdering til at det ikkje er klagerett etter forvaltningslova på eit vedtak om ikkje å opne for kvotejakt. Klagen blir derfor avvist, og dette vedtaket er endeleg.

Rovviltnemnda vil vurdere kvotejakt på nytt før sesongen 2024.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.