Nyhende
17.04.2026Forslaget om marint vern av Sognefjorden er no på høyring
Statsforvaltaren i Vestland inviterer alle interesserte til å seie si meining om forslaget til Sognefjorden marine verneområde. Målet er å sikre verdas djupaste fjord med unik undersjøisk natur for framtida, samstundes som vi legg til rette for berekraftig bruk. Høyringsfristen er 1. november 2026.
09.04.2026
Statsforvaltaren opphevar alkoholpolitisk retningslinje
Vi opphevar Bergen kommune si alkoholpolitiske retningslinje som forbyr skjenking på stadar som tilbyr stripping, topplausservering og liknande som del av driftskonseptet. Det ligg ikkje føre ei alkoholpolitisk vurdering som grunngjev forbodet.
07.04.2026
Færre meklingar i plansaker i 2025
Dei aller fleste arealplansakene i Vestland finn si løysing lokalt. I 2025 var det behov for å mekle i berre éi plansak.
07.04.2026
Totalberedskapskurs for Vestland
Statsforvaltaren, Politiet og Heimevernet arrangerer kurs i totalberedskap 7. – 10. april. Kurset finn stad i Ulven leir i Os (Bjørnafjorden kommune).
27.03.2026
Forvaltningsplanen for Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde er klar
Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde i Alver og Austrheim kommunar vart verna i juni 2020 som fylkets første marine verneområde. Dei siste åra har vi jobba med å lage forvaltningsplan for området, og no er den klar til bruk.
27.03.2026
Helse Bergen gav ikkje forsvarleg helsehjelp
Statsforvalteren i Vestland har ført tilsyn med Helse Bergen, etter at ein pasient tok livet sitt medan han var innlagt på psykiatrisk akuttmottak i desember 2025.
27.03.2026
Ledige stillingar innan miljø
Vil du vere med og løyse viktige miljøutfordringar i Vestland? Vi har ledige stillingar innan naturforvaltning og forureining. Søknadsfristen er 15. april.
Fleire nyhende Få nyheitsvarsel