Barn og foreldre
Alle barn har rett på ein trygg og god barndom og oppvekst. Familien er den viktigaste kjelda til læring, omsorg, tryggheit og tillit. Samstundes har vi fleire lover som sikrar at det offentlege også kan bidra til beste for barna. I det daglege er det kommunen som skal sørge for barnets beste, men også fleire statlege styresmakter har oppgåver knytt til forholdet mellom barn og foreldre.
Nyhende om barn og foreldre
06.04.2022Korleis snakke med barn og unge om vald og overgrep
RVTS Vest og Statsforvaltarane i Vestland og Rogaland inviterer til introduksjonskurs i korleis snakke med barn og unge om vald og overgrep.
17.03.2022
Samtykke til å gje jodtablettar til barn i barnevernet
Det er viktig med kjennskap til barnets helse for å vurdere om barnet bør ta jodtablett ved atomnedfall, og det er derfor den som har omsorgsansvaret for barnets som må samtykke til dette.
16.03.2022
Avverjeplikt ved utskriving av prevensjon til unge under 14 år
Helsepersonell i helsestasjons- og skulehelsetenesta som skriv ut prevensjon må vere merksame på avverjeplikta når dei skriv ut prevensjon for unge under 14 år.
11.03.2022, Oppdatert 30.03.2022
Seminar om teneste- og tiltaksutvikling i barnevernstenesta
Læringsnettverket for barnevernstenestene i Vestland inviterer alle som er interessert i utviklingsarbeid retta mot utsette barn og unge, hjelpetiltak og tidlig innsats til digital samling. Påmeldinga er open til 04. april.
21.02.2022
Webinar om tilskot til FACT Ung
Den 8. mars 14.00-15.30 arrangerer NAPHA, i samarbeid med Helsedirektoratet, eit webinar for regionar som er interessert i, eller vurderer å søke tilskot til oppretting av FACT Ung-team.
24.01.2022
Samtykke til koronavaksine til barn under offentleg omsorg
Regjeringa har etter ei anbefaling frå Folkehelseinstituttet bestemt å opne for koronavaksine til barn i alderen 5-11 år, og andre dose til 12-15-åringar. Det er barnevernstenesta som skal samtykke til koronavaksine for barn som kommunen har omsorga for.
07.01.2022
Oversikt over lovendringar for tenester til barn og unge
I samband med barnevernsreforma har det kome fleire lovendringar. Målet er å sikre at barn og unge får god hjelp til rett tid og at dei får eit heilskapleg tilbod.
17.12.2021
Nav-kontoret si rolle i barnevernsreforma
Nav-kontoret skal bidra til at utsette barn og unge og deira familiar får eit heilskapleg og samordna tenestetilbod.
17.12.2021, Endra 21.12.2021
Kommunane må oppretthalde tilbod til barn og unge i pandemien
Tenester til utsette barn og barn og unge med foreldre i samfunnskritiske funksjonar må vere opne og tilgjengelege, og fritidstilbod bør haldast opne så langt det let seg gjere.
15.12.2021
Informasjonsfilm og mal til kommunane om hjelpetilbod
Krisesentersekretariatet har utarbeidd ein mal og ein film om kva som bør finnast av informasjon på kommunane sine nettsider om hjelpetilbod til alle som er utsett for vald i nære relasjonar.
Fleire nyhende Få nyheitsvarsel