Barnevernsreforma

Oppdatert 14.01.2022

Barnevernsreforma har gitt kommunen meir ansvar på barnevernsområdet.  Reforma regulerer først og fremst barnevernet, men målet er å styrkje førebyggande arbeid og sikre tidleg innsats i heile oppvekstsektoren. Kommunen må derfor gjere endringar i heile oppvekstsektoren.

Ansvaret for barnevernet er delt mellom stat og kommune, og reforma har flytta meir av ansvaret over til kommunen. Bakgrunnen for flyttinga av ansvar er at kommunen har større nærleik til familiar og betre innsikt i behova til barn og familiar. Det overordna målet med reforma er at fleire utsette barn og familiar skal få den hjelpa dei treng, når dei treng det.

Mål med reforma

  • Kommunane skal styrkje arbeidet med tidleg innsats og førebygging
  • Hjelpa skal bli betre tilpassa behova til barn og familiar
  • Sikre rettstryggleiken til barn og familiar
  • Gjere ressursbruken og oppgåveløysinga i barnevernet meir effektiv

For å lykkast med reforma må kommunane sjå alle sine tenester retta mot barn, unge og familiar i samanheng. Samla sett er reforma derfor ei oppvekstreform.

Andre viktige endringar er:

  • Kommunen har fått eit auka fagleg ansvar, mellom anna eit heilskapleg ansvar for å følgje opp og rettleie fosterheimar.
  • Det økonomiske ansvaret til kommunen er større, noko som blir kompensert gjennom auke i rammetilskotet. Endringa motiverer kommunane til å jobbe førebyggande.
  • Kommunane får ei lovfesta plikt til å søkje etter fosterheim i barnets familie og nære nettverk.

Statsforvaltarens rolle

Statsforvaltaren har ei aktiv rolle i barnevernsreforma ved å støtte kommunane i deira arbeid. Reforma tok til å gjelde frå 1. januar 2022, og vi følgjer opp korleis kommunane gjennomfører reforma. Vi tilbyr rettleiing til kommunar som får problem med å overta dei nye ansvarsområda. 

Vis meir

Arbeidet med reforma i Vestland

På denne sida ønskjer vi å gje aktuell informasjon og kunnskap som vi trur kan vere nyttig.  

Kva er forventningane til kommunane?

Først og fremst er målet med reforma at kommunane skal gje enda betre tenester og godt koordinert hjelp til rett tid når barn og unge treng det. Tidleg innsats, tverrfagleg samarbeid, heilskaplege og godt koordinerte tenester og tiltak er sentrale stikkord for å lykkast med dette. Les meir om dei konkrete endringane på nettsida til Barne-, ungdoms- og familiedepartementet (Bufdir).

Tenestekatalogar

Bufdir har utarbeidd fleire tenestekatalogar som skildrar forventningar og ansvarstilhøve mellom aktørane på dei ulike fagområda. Formålet er at tenestekatalogane skal bidra til likeverdige tenester for barn, unge og familiar i heile Noreg. Dei område som det er utarbeida tenestekatalog på er; fosterheim, hjelpetiltak (ikkje publisert endå), institusjon, familievern, einslege mindreårige asylsøkjarar og adopsjon. De finn alle tenestekatalogane på denne nettsida.

Økonomiske konsekvensar

For å lese meir om dei ulike økonomiske verkemidla i reforma, anbefaler vi følgjande nettsider:

Der kan kvar kommune mellom anna finne oversikt over omfang av bruk av statlege tenestetilbod som dannar grunnlag for dei økonomiske overføringane.

Arrangement

Statsforvaltaren vil i samarbeid med KS og styringsgruppa invitere leiarar og tilsette til tverrfaglege samlingar. Meir informasjon om dei ulike arrangementa finn de under «Aktuelle kurs og konferansar».

Bufdir arrangerte ein digital nasjonal barnevernskonferanse 17. november 2021 med barnevernsreforma som tema. Opptak frå den nasjonale barnevernskonferansen finn du her.

21. april 2022 arrangerar Utdanningsdirektoratet ein digital konferanse om heilskap og samanheng i kompetansetiltak. Meir informasjon og påmelding finn du på Utdanningsdirektoratet si nettside.

Ressursar i arbeidet

Under har vi lista opp verktøy, modellar og stønadsordningar som er aktuelle:

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 22.02.2022

Webinar om tilskot til FACT Ung

Den 8. mars 14.00-15.30 arrangerer NAPHA, i samarbeid med Helsedirektoratet, eit webinar for regionar som er interessert i, eller vurderer å søke tilskot til oppretting av FACT Ung-team.


Publisert 07.01.2022

Oversikt over lovendringar for tenester til barn og unge

I samband med barnevernsreforma har det kome fleire lovendringar. Målet er å sikre at barn og unge får god hjelp til rett tid og at dei får eit heilskapleg tilbod.  


Publisert 17.12.2021

Nav-kontoret si rolle i barnevernsreforma

Nav-kontoret skal bidra til at utsette barn og unge og deira familiar får eit heilskapleg og samordna tenestetilbod.


Publisert 10.11.2021

Invitasjon til digitale jusskurs for tilsette i barnevernstenestene

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) inviterer alle landets barnevernstenester til to ulike digitale jusskurs. Kursa tek for seg forvaltningsrett og nye Høgsterettsavgjersler etter dommane i Den europeiske menneskerettsdomstolen. Påmeldingsfrist 12.november.


Publisert 21.10.2021, Sist endra 22.10.2021

Konferanse om barnevernsreforma

Barnevernsreforma er tema på Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet sin årlege nasjonale barnevernskonferanse. Konferansen går føre seg 17. november og er heildigital.


Publisert 08.09.2021

Informasjon til kommunane om barneverns- og oppvekstreforma

Statsforvaltaren har oppretta ei eiga temaside for å nå ut til kommunane med  informasjon, arrangement og ressursar som kan vere aktuelt i førebuingsarbeidet fram til reforma trer i kraft 1. januar 2022.