Barnevernsreformen

Barnevernsreformen har gitt kommunen mer ansvar på barnevernsområdet. Reformen regulerer først og fremst barnevernet, men målet er å styrke forebyggende arbeid og sikre tidlig innsats i hele oppvekstsektoren. Kommunene må derfor gjøre endringer i hele oppvekstsektoren.

Ansvaret for barnevernet er delt mellom stat og kommune, og reformen har flyttet mer av ansvaret over til kommunen. Bakgrunnen for flyttingen av ansvar er at kommunen har større nærhet til familier og bedre innsikt i behovene til barn og familier. Det overordna målet med reformen er at flere utsatte barn og familier skal få den hjelpen de trenger, når de trenger den.

Mål med reformen

  • Kommunene skal styrke arbeidet med tidlig innsats og forebygging
  • Hjelpen skal bli bedre tilpasset barn og familiers behov
  • Rettsikkerheten til barn og familier skal bli godt ivaretatt
  • Ressursbruken og oppgaveløsningen i barnevernet skal bli mer effektiv

For å lykkes med reformen må kommunen se alle sine tjenester rettet mot barn, unge og familier i sammenheng. Samlet sett er reformen derfor en oppvekstreform.

Andre viktige endringer er:

  • Kommunen har fått et økt faglig ansvar, blant annet et helhetlig ansvar for å følge opp og veilede fosterhjem.
  • Det økonomiske ansvaret til kommunen er større, noe som kompenseres gjennom økt rammetilskudd. Endringen motiverer kommunen til å jobbe forebyggende.
  • Kommunen har fått en lovfestet plikt til å søke etter fosterhjem i barnets familie og nære nettverk

Statsforvalterens rolle

Statsforvalteren har en aktiv rolle i barnevernsreformen ved å støtte kommunene i deres arbeid. Reformen trådte i kraft 1. januar 2022, og vi følger opp hvordan kommunene gjennomfører reformen. Vi tilbyr veiledning til kommuner som får problem med å overta de nye ansvarsområdene. 

Vis mer

Arbeidet med reforma i Vestland

Reforma nærmar seg, og mange kommunar er godt i gang med førebuingane. På denne sida ønskjer vi å gje aktuell informasjon og kunnskap som vi trur kan vere nyttig i førebuingsarbeidet.  

Kva er forventningane til kommunane?

Først og fremst er målet med reforma at kommunane skal gje enda betre tenester og godt koordinert hjelp til rett tid når barn og unge treng det. Tidleg innsats, tverrfagleg samarbeid, heilskaplege og godt koordinerte tenester og tiltak er sentrale stikkord for å lykkast med dette. Les meir om dei konkrete endringane på nettsida til Barne-, ungdoms- og familiedepartementet (Bufdir).

Tenestekatalogar

Bufdir har utarbeidd fleire tenestekatalogar som skildrar forventningar og ansvarstilhøve mellom aktørane på dei ulike fagområda. Formålet er at tenestekatalogane skal bidra til likeverdige tenester for barn, unge og familiar i heile Noreg. Dei område som det er utarbeida tenestekatalog på er; fosterheim, hjelpetiltak (ikkje publisert endå), institusjon, familievern, einslege mindreårige asylsøkjarar og adopsjon. De finn alle tenestekatalogane på denne nettsida.

Økonomiske konsekvensar

For å lese meir om dei ulike økonomiske verkemidla i reforma, anbefalar vi følgjande nettsider:

Der kan kvar kommune mellom anna finne oversikt over omfang av bruk av statlege tenestetilbod som dannar grunnlag for dei økonomiske overføringane.

Arrangement

Statsforvaltaren vil i samarbeid med KS og styringsgruppa invitere leiarar og tilsette til tverrfaglege samlingar denne hausten. Målet er å legge til rette for gode prosessar og sikre at de som skal førebu reforma i kommunane får god og oppdatert informasjon om kva de kan forvente, og kor de kan søkje bistand til utviklingsarbeidet. Meir informasjon om dei ulike arrangementa finn de under «Aktuelle kurs og konferansar».

Ressursar i arbeidet

Under har vi lista opp verktøy, modellar og stønadsordningar som kan vere aktuelle i førebuingsarbeidet:


Publisert 07.01.2022

Oversikt over lovendringar for tenester til barn og unge

I samband med barnevernsreforma har det kome fleire lovendringar. Målet er å sikre at barn og unge får god hjelp til rett tid og at dei får eit heilskapleg tilbod.  


Publisert 17.12.2021

Nav-kontoret si rolle i barnevernsreforma

Nav-kontoret skal bidra til at utsette barn og unge og deira familiar får eit heilskapleg og samordna tenestetilbod.


Publisert 10.11.2021

Invitasjon til digitale jusskurs for tilsette i barnevernstenestene

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) inviterer alle landets barnevernstenester til to ulike digitale jusskurs. Kursa tek for seg forvaltningsrett og nye Høgsterettsavgjersler etter dommane i Den europeiske menneskerettsdomstolen. Påmeldingsfrist 12.november.


Publisert 21.10.2021, Sist endret 22.10.2021

Konferanse om barnevernsreforma

Barnevernsreforma er tema på Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet sin årlege nasjonale barnevernskonferanse. Konferansen går føre seg 17. november og er heildigital.


Publisert 08.09.2021

Informasjon til kommunane om barneverns- og oppvekstreforma

Statsforvaltaren har oppretta ei eiga temaside for å nå ut til kommunane med  informasjon, arrangement og ressursar som kan vere aktuelt i førebuingsarbeidet fram til reforma trer i kraft 1. januar 2022.