Introduksjon til læringsressursen «Jeg vet»
RVTS Nord inviterer alle som ønskjer ei innføring i læringsressursen til digitalt kurs 3. mars frå 09.00 til 12.00.
På kurset blir du kjent med «Jeg vet», korleis du kan bruke læringsressursen og korleis lære opp andre til å ta den i bruk.
Meir informasjon og påmelding finn du på heimesida til RVTS Nord.
Barnehagar og skular har eit ansvar for å førebygge og avdekke at barn vert utsett for fysisk, psykisk, seksuell og digital vald. Å gi barn kunnskap om kva vald og overgrep er, kjennskap til sine rettar og moglegheit til å fortelje fremjar livsmeistring. Det er eit viktig bidrag for å førebygge at barn og unge vert utsett og/eller utset andre for vald, overgrep og mobbing.
«Jeg vet» skal bidra til at barnehagar, grunnskular og videregåande skular har eit valdsførebyggande opplæringstilbod som fremjar livsmeistring - og er systematisk, kunnskapsbasert og nasjonalt likeverdig tilbod.