Skjønnsmidlar til fornying og innovasjon for 2022

Statsforvaltaren fordeler ein del av midlane til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane. Føremålet er å gi kommunane støtte til å prøve ut nye løysingar for å gjere tenestene betre for innbyggjarane, og stimulere kommunane til å jobbe med fornying og innovasjon. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.08.2021

Vi vil skyve prosessen med fordeling av prosjektmidlane fram i tid, samanlikna med prosessen for tidlegare år. Målsetjinga er at kommunane skal ha informasjon om fordelte midlar tidleg i budsjettåret. Det blir éi utlysing av midlane for 2022.

Søknadsfristen for kommunane er flytta til 1. november i år.

Søknadane skal som tidlegare registrerast i den felles søknads- og rapporteringsportalen Prosjektskjønn, sjå lenke til høgre. 

I tillegg finn de i høgre kolonne, utsendt brev til kommunane, og retningslinjene frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet om prosjektskjønn. I brevet finn de og framgangsmåte for registrering av nye brukarar av portalen.

Vi vidarefører same søknadsføremål for 2022 som for inneverande år:

  • Kommunale tenester til helse og omsorg
  • Kommunale tenester til barnehage og skule
  • Kommunal tenesteutvikling for utsette barn og unge
  • Digital forvaltning, der samarbeidsprosjekt mellom fleire kommunar blir prioriterte
  • Interkommunalt planarbeid
  • Samfunnstryggleik og beredskap
  • Klima- og miljøutfordringar knytte til klimaomstilling, tap av naturmangfald, eit giftfritt miljø eller endringar i havmiljøet

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.