Samarbeid om tenester til barn, unge og familiane deira

For å styrke oppfølginga av utsette barn, unge og familien deira, har Stortinget vedtatt nye reglar om samarbeid, samordning, barnekoordinator og individuell plan. Det er utarbeidd ein rettleiar til desse reglane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.09.2022

Dei nye reglane gjeld frå 1. august 2022, og omfattar mellom anna helse- og omsorgstenester, skule og barnehage, Nav og barnevern. Målet med rettleiaren er å forklare dei nye reglane nærare, tydeleggjere ansvar og mynde, og gje praktiske døme på korleis tenestene kan oppfylle pliktene sine.

Det er Utdanningsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet og Helsedirektoratet som har utarbeidd rettleiaren.

Rettleiaren finn du på nettsida til Helsedirektoratet.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.