Staten har ansvar for å sikre like rammevilkår gjennom regelverk og økonomiske rammer. Staten har òg ansvar for å føre tilsyn og kontroll med helse- og sosialtenestene. Mykje av tilsyns- og kontrollarbeidet blir gjort av Statsforvaltaren.
Helse, omsorg og sosialtenester
Alle som treng det, skal få gode og forsvarlege helse- og sosialtenester – uavhengig av alder, inntekt og diagnose. Det er i stor grad kommunane og helseføretaka (sjukehusa) som tilbyr desse tenestene.
Nyhende om helse, omsorg og sosialtenester
03.02.2023Meir heilskapleg helsehjelp til barn og unge i barnevernet
Eit nytt nasjonalt forløp beskriver korleis barnevernstenesta og helse- og omsorgstenestene kan samarbeide for å gi barn og unge eit godt og heilskapleg tenestetilbod. 16. februar blir det lanseringswebinar.
30.01.2023
Kompetansesatsing på dei sosiale tenestene i Nav
Alle Nav-kontor har fått tilgang til nytt kompetansemateriell om sosiale tenester. Materiellet er utvikla i samarbeid mellom Arbeids- og velferdsdirektoratet og statsforvaltarar.
19.01.2023
Webinar om rus, psykisk helse, bustad og tenester (nr. 4 i serie)
Tema for det fjerde webinar i serie om rus, psykisk helse, bustad og tenester er "Komplekse utfordringar - døme på tiltak"
17.01.2023
Nye tolkingsbrev om sosialtenestelova
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har skrive to avklaringsbrev som får konsekvensar for sosialhjelp til EØS-borgarar. Arbeids- og velferdsdirektoratet har skrive fire brev der dei avklarar spørsmål om sider ved sosialtenestelova.
13.01.2023
Nav overtar saker om fordeling av reisekostnadar ved samvær
Frå 1. januar 2023 er ansvaret for saker om fordeling av reisekostnadar ved samvær overført frå statsforvaltaren til Nav.
06.01.2023
Ny rettleiar om økonomisk sosialhjelp
Formålet er å hjelpe Nav-kontora til å utøve skjønn og gjere nødvendige konkrete og individuelle vurderingar.
03.01.2023
Færre klagar på sosialhjelpsvedtak
I 2022 behandla Statsforvaltaren i Vestland 258 sosialklagesaker. Dette er 40 færre enn i 2021 og 89 færre enn i 2020.
02.01.2023, Endra 23.01.2023
Må begge ektefellane skrive under på søknader om sosialhjelp?
Etter ekteskapslova har ektefellar gjensidig underhaldsplikt. Dette betyr at Nav må ha oversikt over økonomien til begge når dei behandlar søknader om sosialstønad frå ein som er gift.
21.12.2022, Endra 02.01.2023
Rettleiande statlege satsar for sosialstønad i 2023
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har prisjustert satsane i tråd med forventa vekst i konsumprisane i nasjonalbudsjettet for 2023.
21.12.2022
Statsforvaltaren har avslutta tilsyn
I vår blei eit barn på 13 år funne omkomme. Statsforvaltaren har etter dette ført tilsyn med barnevernstenesta, barnevernsinstitusjonen der barnet budde og spesialisthelsetenesta.
Fleire nyhende Få nyheitsvarsel
Kontaktpersonar
-
Sjur Lehmann
Tlf: 55 57 22 18 -
Linda Svori
Tlf: 57 64 31 61 / 93 28 64 42 -
Øystein Breirem Jacobsen
Tlf: 55 57 22 13 -
Karianne Flaatten
Tlf: 55 57 22 26