Folkehelse

Folkehelsearbeid er samfunnets innsats for å påverke faktorar som direkte eller indirekte fremjar helse og trivsel i befolkninga, førebyggjer psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding, eller som vernar mot faktorar som trugar helsa. Folkehelsearbeid er også det å arbeide for ei jamnare fordeling av faktorar som direkte eller indirekte påverkar helsa. 

God folkehelse er eit felles ansvar

Førebyggjande og helsefremmande arbeid er viktig både i og utanfor helsesektoren. Folkehelselova gir fylkeskommunane og kommunane eit hovudansvar for det breie samfunnsretta folkehelsearbeidet.

Folkehelseomsyn i planarbeid

Statsforvaltaren skal bidra til å gjennomføre statlege satsingar på folkehelseområdet. Folkehelsearbeidet skal sikre ei berekraftig samfunnsutvikling, der planlegging er eit sentralt verkemiddel. Gjennom råd og rettleiing til kommunar og andre aktørar skal Statsforvaltaren vere med på å sikre at folkehelse inngår i kommunale, regionale og statlege planar. Statsforvaltaren skal bidra til forpliktande samhandling mellom aktørane.

Statsforvaltaren kan dessutan føre tilsyn med at kommunane og fylkeskommunane oppfyller pliktene sine på folkehelseområdet.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 13.05.2022

Nye råd for fysisk aktivitet og tid i ro

All fysisk aktivitet, også med låg intensitet og kort varigheit, tel og er viktige for helsa. Dei som sit aller mest i kvardagen, må vere endå meir aktive elles.


Publisert 23.02.2022

Livskvalitet er tema for folkehelseprofilane 2022

Folkehelseprofilane for kommunar og bydelar 2022 er no tilgjengelege.


Publisert 20.12.2021

Nettkurs i bruk av kvalitative data i folkehelsearbeid

Kurset er særleg retta mot dei som jobbar med folkehelse og utvikling av helsefremjande lokalsamfunn i kommune og fylkeskommune.


Publisert 15.12.2021

Nye digitale meistringsverktøy for psykisk helse

Helsedirektoratet og fleire fagmiljø har utarbeidd fire appar der både unge og vaksne kan øve på meistring av vanskelege tankar og følelsar.


Publisert 16.08.2021, Sist endra 16.08.2021

Slik kan fastlegane bidra til at fleire elevar deltek i kroppsøving

Med eit skjema kan fastlegen anbefale tilrettelegging for elevar i kroppsøvingsfaget, i staden for å gi fritak. Skrivet frå legen er eit viktig verktøy for kroppsøvingslæraren for å kunne lage eit tilpassa aktivitetsopplegg.


Publisert 11.06.2021

Fritidserklæringa for alle barn

Erklæringa seier at alle barn skal få moglegheit til å delta jamleg i organisert fritidsaktivitet, uavhengig av foreldras sosiale og økonomiske situasjon.


Publisert 26.03.2021

Webinarserie om folkehelsearbeid i kommunen

Helsedirektoratet lanserer seks webinar med utvalde tema innan lokalt folkehelsearbeid denne våren.


Publisert 10.03.2021

Alle barnehagar bør prioritere mattilbod under koronapandemien

Barnehagar som no ikkje har noko mattilbod bør prioritere å servere grønsaker, frukt og mjølk, og ha eit tilbod til barn som har gløymt matpakke.


Publisert 16.02.2021

Fysisk aktivitet er tema for folkehelseprofilane 2021

Fysisk aktivitet er viktig for å oppnå fleire av FNs berekraftsmål, deriblant målet om god helse og livskvalitet.


Publisert 17.12.2020

Koronapandemien rammar barn og unge i Vestland

Helsesjukepleiarar og einingsleiarar i helsestasjons- og skulehelsetenestene i Vestland melder om større trykk etter at tenestene opna opp etter stenging i vår. Barn og unge kjem med meir alvorlege og komplekse problemstillingar.