Friskliv i Vestland fylke

Frå 2023 har Vestland to utviklingssentralar for friskliv og meistring. Saman med Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren legg dei til rette for kompetanseheving, erfaringsutveksling og nettverksbygging.

Publisert 01.03.2023, Sist endra 31.10.2023

Utviklingssentralane i Bergen og Askøy, Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren samarbeider om webinar for tilsette i frisklivssentralane og andre som arbeider med helsefremmande og førebyggande helsetenester i kommunane.

Planlagde webinar våren 2023:

Frisklivssentralar jobbar helsefremjande og førebyggande

Ein frisklivssentral er ei helsefremjande og førebyggande kommunal helseteneste. Målgruppa er personar med sjukdom eller auka risiko for sjukdom, og som treng støtte til å endre levevanar og meistre helseutfordringar. Frisklivssentralen skal bidra til redusert sjukdomsbyrde og samanhengande helsetenester, og vere ein samarbeidspartnar i kommunens folkehelsearbeid. Tilboda kan vere aktuelt både som førebygging, avgrense utvikling av sjukdom og som del av eit behandlings- eller rehabiliteringsløp.

I oversikta til Helsedirektoratet kan du sjå kva kommunar som har frisklivssentral i Vestland.

To utviklingssentralar frå 2023

Utviklingssentralane har ekstra oppgåver knytt til frisklivsarbeidet. Frå 2023 har to av frisklivssentralane i Vestland rolla som utviklingssentral – Bergen og Askøy. Dei skal bidra til erfaringsutveksling, nettverks- og kompetansebygging, kvalitet og vidareutvikling av kommunale frisklivs-, lærings- og meistrinstilbod regionalt og nasjonalt.

Begge frisklivssentralane tilbyr basistilboda etter rettleiaren og har helsefremjande og førebyggjande tenester i kommunane. Sentralane samarbeider, og skil seg i organisering av kurs, tematikkar og innsatsområde. Les meir om tilboda på heimesidene til utviklingssentralane:

Tilskot til etablering og utvikling av kommunale tilbod

Vestland fylkeskommune forvaltar midlar til etablering eller utvikling av kommunale friskliv-, lærings-, og meistringstilbod. Ordninga er finansiert via Helsedirektoratet. I 2023 er fristen for å søke midlar 17. mars.

Sjå utlysinga på nettsida til Vestland fylkeskommune.

Statsforvaltaren si rolle

Statsforvaltaren har det same ansvaret for kommunale friskliv-, lærings- og meistringstilbod som for andre helse- og omsorgstenester, og skal sjå på desse tenestene som del av heilskaplege forløp. Vi skal mellom anna samarbeide med fylkeskommunen om etablering og utvikling av kommunale frisklivssentralar, lærings- og meistringstilbod som ein del av helsefremjande og førebyggjande helsetenester, inkludert oppfølging etter covid-19. Vi skal også rettleie i arbeidet, hjelpe til med å arrangere fagdagar og kompetansegjevande kurs for helsepersonell om endring av levevanar og meistring av helseutfordringar, i samarbeid med aktuelle kompetansemiljø, helsetenester og fylkeskommunen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.