Legar i spesialisering (LIS) og turnusteneste for fysioterapeutar

Oppdatert 17.09.2024

Turnusteneste inneber at fysioterapeutar gjennomfører ei pålagd praksistid etter avslutta utdanning. Spesialistutdanning og godkjenning for legar følgjer ordninga som vart sett i verk i 2019. Ofte brukar vi uttrykka LIS1, LIS2 og LIS3 om legar som er tilsett i utdanningsstillingar. 

Legar i spesialisering

Spesialistutdanninga og godkjenninga for legar er tredelt. Lege i spesialisering del 1 (LIS1) er den første delen av spesialiseringsløpet, og er felles for alle legar. LIS1 erstattar i praksis turnustenesta for legar. LIS1 omfattar tolv månader i sjukehus og seks månader i kommunehelsetenesta. LIS1 blir etterfølgt av LIS2 og LIS3. Sistnemnde er spesialiseringa til dei ulike legespesialistane.

Statsforvaltaren har ansvar for å opprette, godkjenne og kvalitetssikre eit tilstrekkeleg tal LIS1-stillingar i kommunehelsetenesta. Ledige LIS1-stillingar blir lyste ut vår og haust via stillingsportalen til Helsedirektoratet.

Turnusplassar for fysioterapeutar

Personar som har avslutta bachelorutdanning i fysioterapi, må gjennomføre eitt års fastlagt praktisk teneste (turnusteneste) for å få autorisasjon som fysioterapeut. Statsforvaltaren i kvart enkelt fylke godkjenner turnusplassar for fysioterapeutar på sjukehus og i kommunehelsetenesta. Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvaltaren i Oslo og Viken har hovudansvar for å skaffe nok turnusplassar i sin region (turnusregion Nord, Midt-Vest og Sør-Øst). 

Kurs hos Statsforvaltaren

Statsforvaltaren tilbyr kurs og grupperettleiing for legar i spesialisering og turnusfysioterapeutar.

Vi tilbyr:

  • Kurs i offentleg helsearbeid
  • Kurs i legevaktsmedisin for LIS1
  • Grupperettleiing for LIS1 i kommunehelsetenesta
  • Opplæring til rettleiarar som skal ha ansvar for LIS1 i kommunehelsetenesta
  • Opplæring til rettleiarar for turnusfysioterapeutar

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 27.08.2024, Sist endra 29.08.2024

Søknadsfrist for særplass for turnusåret 15.08.2025 til 14.08.2026

Søknadsfristen for å søkja om særplass for turnustenesta for fysioterapeutane er 21. oktober 2024.


Publisert 31.07.2024

Oversikt over kurs for LIS1 hausten 2024

På denne sida finn du relevant informasjon for deg som startar som LIS1 i kommunehelsetenesta i hausten 2024.


Publisert 02.05.2024

Tilskotsordninga Nasjonal ALIS og rettleiing

Regelverket for tilskotsordninga i 2024 er no lagt ut. ALIS og SamLIS rådgjevingskontor arrangerer webinar om tilskotsordninga 7. mai.


Publisert 02.02.2024

Kurs i individuell rettleiing i spesialistutdanninga for legar

ALIS Vest held rettleiarkurs for legar i spesialisering 25.-26. april i Balestrand. 


Publisert 31.01.2024

Oversikt over kurs for LIS1 våren 2024

På denne sida finn du relevant informasjon for deg som startar som LIS1 i kommunehelsetenesta i våren 2024.


Publisert 11.10.2023

Kurs i individuell rettleiing i spesialistutdanninga for legar

ALIS Vest held rettleiarkurs for legar i spesialisering 16.-17. november i Førde.


Publisert 11.09.2023

Kommunar må sikre at dei er registrert som utdanningsverksemd

For at LIS i samfunnsmedisin skal få godkjent tenesta si, må kommunar vere registrert som utdanningsverksemd. Kommunar som søkjer om registrering som utdanningsverksemd i samfunnsmedisin, kan søkje om tilbakedatering av registreringstidspunktet innan 31. desember.


Publisert 11.08.2023

Søknadsfrist for særplass for turnusåret 15.08.2024 til 14.08.2025

Søknadsfristen for å søkja om særplass for turnustenesta for fysioterapeutane er 13. oktober 2023. 


Publisert 07.08.2023, Sist endra 21.09.2023

Oversikt over kurs for LIS1 hausten 2023

På denne sida finn du relevant informasjon for deg som startar som LIS1 i kommunehelsetenesta i september 2023.


Publisert 19.06.2023

Digitalt opplæringsprogram om spesialistutdanninga for legar

Helsedirektoratet har lansert eit nytt digitalt opplæringsprogram, DigLIS. Målet er å gi støtte til legar i spesialisering (LIS), til rettleiarar og supervisører, og til leiarar i kommunar og sjukehus som skal ta imot ein LIS-lege.