Satsing på førebyggande arbeid på barn og unge-feltet i Vestland

Foto: Sylvia Haukanes

I vår har 39 av 43 kommunar delteke i ein planprosess for førebyggande planar. Målet har vore å sjå heilskapleg på korleis kommunane kan arbeide langsiktig for å bygge eit teneste- og tiltaksapparat som møter dei behova barn, unge og foreldre har no, og i framtida.  

Publisert 22.06.2023, Sist endra 01.08.2023

Statsforvaltaren, KS, Vestland fylkeskommune, Kompetansesenter for rus (KORUS), Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS), Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA) og Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU) har arrangert fire samlingar og etablert ein digital plattform og støttemateriell for kommunane. Les meir om bakgrunnen for denne planprosessen, og tema for samlingane, i invitasjonen vi sendte kommunane i november.

Korleis kan vi saman bidra til at flest mogleg barn får ein trygg og god oppvekst?

Dette er eit av kjernespørsmåla i arbeidet med å nå intensjonane i oppvekstreforma. På samlingane deltok vi i engasjerte og spanande refleksjonar. Erfaringsdeling og refleksjonar på tvers av tenesteområde, profesjonar og kommunegrenser har gitt oss nye perspektiv og idear til korleis vi saman kan utvikle gode tenester og tiltak. Evalueringane frå deltakarane syner at dette er noko av det mest verdifulle med å delta. Slik svara ein av deltakarane på kva som var mest nyttig med å delta på samlingane:

«Erfaringsdelinga — både frå dei kommunane som sto på scena og viste sitt arbeid, og det å sitja rundt bord med representantar frå eigen og andre kommunar.»

Mange er i gang med utviklings- og endringsarbeid

Gjennom samlingane har vi sett mange gode døme på korleis kommunane på ulike vis har tatt grep for å møte behovet for meir heilskaplege tenester. Mange kommunar har over tid har bygd opp kompetanse og eit tiltaksapparat som heng saman, og som kan tilpassast dei behova som finst i den einskilde kommune. Folkehelseoversiktene som blir utarbeidd i kommunane gjev ofte eit godt grunnlag for å prioritere og dimensjonere tenesteapparatet. 

Du kan lese meir om erfaringane som dei ulike aktørane har gjort seg gjennom samlingane, og korleis arbeidet kan fortsette på nettsida til Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest).

Vi har retta merksemda mot kva som er målet med innsatsane, og korleis kommunane kan planlegge for å bidra til at flest mogleg born og ungdom får ein trygg og god oppvekst. Det handlar om korleis kommunane kan legge til rette for at alle barn i kommunen opplever eit stimulerande og sunt oppvekstmiljø. Det handlar òg om å rigge eit teneste- og tiltaksapparat som kan gje barn, unge og foreldre rask, nyttig og heilskapleg hjelp eller støtte, når dei treng det. Førebyggande arbeid på ulike nivå, strukturar for tverrfagleg og tverrkommunalt samarbeid har vore sentrale tema.

Saman om førebygging

Førebyggande arbeid skjer på mange arenaer og innan mange fagfelt, til dømes innan folkehelse, rus-, fysisk- og psykisk helse, vald, overgrep, omsorgssvikt, sjølvmord, fråfall i vidaregåande skule, barnefattigdom og åtferdsproblem. Gjennom planprosessen har vi forsøkt å sjå dette meir i samanheng.  Vi trur det er avgjerande for at kommunane skal kunne bygge opp hensiktsmessige strukturar for samhandling og koordinering av tenester og tiltak.

Skal kommunane greie å bygge tenester som kan stette behova til dei mest sårbare borna og familiane, så må tenester som barnehage, skule, helsestasjon, barnevern, Nav og helseapparatet samarbeide godt. Vi veit at dette er særs krevjande i eit stadig meir spesialisert velferdssystem. Skal kommunane lukkast med dette arbeidet krevst det god planlegging, langsiktige strategiar og tydelege leiarar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.