Statsforvaltaren for barn og unge

Oppdatert 27.02.2024

Barn og unge har eigne rettar, til dømes rett til skule, helsehjelp, leik og fritid. Ein viktig rett er at du skal bli høyrt i saker som handlar om deg.

Statsforvaltaren skal jobbe for at barn og unge får oppfylt rettane sine. Her finn du informasjon om kva vi kan hjelpe deg med, og korleis du kan klage:

Familie og heime

Heimen din skal vere ein trygg og god stad å vekse opp. Heile samfunnet skal jobbe for at Noreg skal vere eit land med små skilnader og lite fattigdom. Kommunen du bur i, har eit særleg ansvar for å hjelpe deg som er barn eller ung i ein fattig familie.

Dersom du ikkje har det trygt og godt heime, få hjelp og informasjon om barnevernet på ung.no. 

Treng du hjelp med éin gong, kan du ringe alarmtelefonen 116 111.

Fritidstilbod

Dersom familien din har lite pengar, skal du likevel kunne delta i sosiale fellesskap og aktivitetar. Veldig mange organisasjonar og dei som bestemmer i Noreg har skrive under på ein avtale som heiter Fritidserklæringa. Fritidserklæringa seier at alle barn, uavhengig av den sosiale og økonomiske situasjonen til foreldra, skal kunne delta jamleg i minst éin organisert fritidsaktivitet saman med andre. Nokre kommunar har «aktivitetskort» som gjev gratis inngang til bestemte aktivitetar eller opplevingar. Sjå på heimesida til kommunen der du bur, om dei har slike ordningar.

Mange stader er det ein BUA-sentral der du gratis kan låne utstyr til sport og friluftsliv. BUA gjer det enklare for barn og unge å prøve fleire aktivitetar. Målet er å betre folkehelsa og å redusere skilnader mellom dei som har mykje og dei som har lite. I tillegg er det meir miljøvenleg.

Økonomisk hjelp til dei som treng det

Nav er ein viktig del av tryggingsnettet i Noreg. Nav skal bidra til at fleire vaksne kjem i arbeid og at færre vaksne går på stønad, og samtidig sørge for at dei som treng det, er sikra inntekt og økonomisk tryggleik. Dersom familien din har dårleg råd og lite pengar, er det dei vaksne i familien som kan søkje om økonomisk sosialhjelp frå Nav. Målet er at Nav skal hjelpe familiar til å klare seg sjølve. Nav skal passe på at familiar har pengar til det barna treng. Pengar som du sjølv har tent eller fått i gåve, er dine.

Dersom familien din har kontakt med både barnevernet og Nav, er det viktig at barnevernet og Nav samarbeider godt.

Anna hjelp frå Nav

Nav har ansvar for mange tenester. Dei skal mellom anna hjelpe med rettleiing for å hindre eller løyse sosiale utfordringar, til dømes heimeforhold, busituasjon, omsorg for barn, arbeid eller økonomi. Dette er ei teneste både ungdomar og vaksne kan be Nav om å få. Nav har ein eigen ungdomsgaranti for dei som er mellom 16 og 30 år. Ungdomsretten skal sikre god og tett oppfølging av unge som treng hjelp til å fullføre utdanning og komme i arbeid. 

Dersom du ønskjer hjelp frå Nav og ikkje får det, kan du klage til Statsforvaltaren. Du skal sende klagen til Nav. Dersom klagen ikkje fører til at Nav endrar syn på saka slik at du får den hjelpa du ønskjer frå Nav, skal dei sende klagen vidare til oss.

Skule

Alle barn og unge har rett til utdanning. Det står i Grunnlova, i barnekonvensjonen og i opplæringslova. Alle barn og unge har rett til å ha eit trygt og godt skulemiljø utan krenking eller mobbing. Skulen skal hjelpe deg viss du ikkje har det trygt og godt på skulen. Dersom du meiner at skulen ikkje gjer nok for å hjelpe deg, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren. Bruk kontaktskjemaet under for å komme i kontakt med oss. Det kan vere at vi treng å snakke med deg for å få vite litt meir. Det er du som bestemmer om vi skal ta kontakt med deg eller foreldre/føresette. Du kan også velje å møte nokon som jobbar hjå Statsforvaltaren. Dersom vi ser at skulen ikkje har gjort nok for å hjelpe deg, kan vi bestemme kva skulen skal gjere for at du skal få ein trygg og god skulekvardag.

Kontaktskjema: meld frå om utrygt skulemiljø eller mobbing 

Helsehjelp

Dersom du er sjuk eller skadar deg, kan du få hjelp av ein lege på eit legekontor, på legevakten eller på eit sjukehus. Barn og unge kan også få helsehjelp på helsestasjonen, av skulehelsetenesta eller BUP. Du har rett til å få informasjon om helsa di, kva behandling som er aktuell for deg, og kva behandlinga går ut på. Du har også rett til informasjon om kva rettar du har som pasient. Informasjonen må vere slik at du forstår, og du skal dessutan få seie kva du meiner. Når du er 16 år, er du helserettsleg myndig. Det betyr at du, i dei fleste tilfelle, kan bestemme sjølv om du skal ha behandling og kven som skal få vite kva om helsa di og den kontakten du har med lege eller andre helsetenester.

BUP er eit psykisk helsetilbud for barn og unge. Du kan ikkje sjølv ta direkte kontakt med BUP, men fastlegen eller helsestasjon for ungdom kan be om at du får time hos BUP. Ung.no har mer informasjon om BUP.

Du bestemmer kven som skal vite kva

Helsepersonell har teieplikt, det vil seie at dei som jobbar på legekontoret eller andre stader i helsetenesta, ikkje kan gå vidare til andre med opplysningar om deg. Viss du er under 16 år, er hovudregelen likevel at helsepersonell har plikt til å informere foreldra dine. Dersom du har ein god grunn til å ville halde noko for deg sjølv, skal helsepersonellet ta det med i vurderinga.

På sjukehus har barn og unge rett på spesiell tilrettelegging. Dersom du treng langvarige helse- og omsorgstenester, har du rett på ein behandlingsplan som er spesiallaga slik at han passar for deg. Du har også eigne rettar dersom du har alvorleg sjuke foreldre eller søsken, om du har nedsett funksjonsevne eller om det er psykisk sjukdom i familien din.

Viss du er under 23 år og har psykiske vanskar eller har blitt avhengig av rusmidlar, har du rett til å få ei rask vurdering av helsetilstanden din. Det betyr at spesialisthelsetenesta skal vurdere helsa di innan ti arbeidsdagar frå den datoen dei fekk vite om at du kanskje treng slik hjelp. Det er til dømes legen på eit legekontor, legevakta, helsestasjonen eller skulehelsetenesta som kan vise deg vidare til spesialisthelsetenesta. 

Enkelte barn og unge treng ekstra hjelp og tenester frå fleire instansar samstundes. Er du i ein slik situasjon, er det vår jobb å passe på at dei som skal hjelpe deg, snakkar saman og gir deg eit tilbod som er godt planlagt og samordna.

Du kan klage

Du har rett til å få seie meininga di til dei som skal hjelpe deg. Viss du ikkje nøgd med den helsehjelpa du får, eller viss du opplever at du ikkje får hjelp, kan du klage til Statsforvaltaren. Vi har eit eige skjema du kan bruke for å klage på helsehjelp. Skjemaet krev innlogging med eID (til dømes BankID eller MinID). Du kan bruke skjemaet til å sende sensitive opplysningar. Du kan trygt logge inn og sjå på skjemaet. Det er først når du trykkjer "Send inn" at informasjonen blir sendt vidare til oss. 

På helsenorge.no kan du lese meir om retten til å klage.   

Barnevern

Barn og ungdom under 18 år har krav på omsorg og rett til ein trygg oppvekst. Det er først og fremst foreldra dine som skal sørge for det. Når foreldre i kortare eller lengre periodar ikkje greier å gje god omsorg, skal du som er barn eller ung få hjelp frå barnevernet. Du kan sjølv ta kontakt med barnevernet. Andre som er uroa for deg, kan også melde frå til barnevernet. På nettstaden Barnevernvakta er det lett å finne fram til barnevernet der du bur.

Kva som er best for deg betyr mest

Barnevernet skal alltid tenkje på kva som vil vere best for deg når dei bestemmer kva type hjelp du skal få. Du kan få hjelp slik at du får det betre heime hjå foreldra dine, eller det kan vere best for deg at du bur ein annan stad enn heime. Når barnevernet skal finne ut kva som er det beste for deg, skal dei høyre på kva du meiner. Målet er at du skal få den omsorga du treng, og at du skal kjenne deg trygg og ha det godt. Dersom du og foreldra dine er usamde om kva som er best for deg, må barnevernet vurdere kva som er den beste løysinga. Dei skal leggje særleg vekt på kva som er best for deg.

Statsforvaltaren skal passe på at barnevernet gjer jobben sin. Den viktigaste oppgåva vår er å følgje med på at barnevernet følgjer lover og reglar.

Nokre barn og unge bur på barnevernsinstitusjon eller i omsorgssenter. Med jamne mellomrom er vi innom barnevernsinstitusjonar og omsorgssenter der det bur barn og unge. Dei som bur der, kan når som helst ta kontakt med oss og be om å få snakke med oss.

Du kan klage

Barn og unge som har kontakt med barnevernet, har rett til å klage. Du kan seie meininga di om det barnevernet gjer, slik at det kan bli betre. Det gjeld uansett om du bur heime, i fosterheim, på barnevernsinstitusjon, hjå slektningar eller på hybel. Du kan lese meir om kva du kan klage på og sjå døme på kva andre har klaga på, på denne sida.

Viss du har klaga, men ikkje er nøgd med det svaret du fekk frå oss, kan du klage til Sivilombodet. Sivilombodet skal passe på at offentlege instansar ikkje gjer urett mot nokon. Sivilombodet har klagehjelp for barn og unge.

Ung og ny i Noreg?

Hovudregelen er at asylsøkjarar og flyktningar skal få tilbod og tenester på lik linje med det offentlege instansar tilbyr alle som bur i Noreg.   

Ein einsleg mindreårig asylsøkjar er ein person under 18 år som søkjer beskyttelse i Noreg, utan å ha med seg foreldre eller andre med foreldreansvar. Einslege asylsøkjarar og flyktningar under 18 år, får ein representant. Representanten har ikkje den daglege omsorga for deg, men skal vareta dei juridiske interessene dine og hjelpe deg med asylsaka. I praksis betyr det at representanten passar på at du får den hjelpa du har rett på og bruk for. Asylsøkjarar under 18 år kan bu i asylmottak eller omsorgssenter. Dersom du er mindreårig og bur i asylmottak, skal Statsforvaltaren ta kontakt med deg. Dersom du bur i omsorgssenter, kjem Statsforvaltaren på besøk nokre gonger kvart år. Om du ønskjer det, kan du når som helst kontakte oss og be om å få snakke med oss. På denne sida finn du kontaktinformasjon slik at du kan ta kontakt med statsforvaltaren der du bur. 

Asylbarn.no er ein nettstad som har informasjon til deg som er barn og søkjer om beskyttelse i Noreg.

Slik kan du påverke kvardagen og framtida di der du bur

Det er først og fremst i kommunen barn og ungdom kan påverke sin eigen kvardag og si eiga framtid. Både dei som jobbar i kommunen og dei som er politikarar, har ansvar for at barn og unge får vite kva som skjer i kommunen, og kva planar som finst. Informasjonen skal vere på eit språk som barn og unge forstår.

Når kommunar lagar planar for framtida, er det ei viktig oppgåve å sikre barn og unge eit godt oppvekstmiljø. Område, bygningar eller anlegg som skal brukast av barn og unge skal til dømes vere sikra mot ureining, støy, trafikkfare og anna helsefare. Dersom kommunen vil endre bruken av eit friområde som vert brukt til leik eller kan brukast til det, har kommunen plikt til å finne eit anna område som er like godt eigna for leik. Kommunen må  sikre at det nye området ikkje blir brukt til noko som gjer at det ikkje går an å leike der.

Kommunen har ansvar for å skape gode oppvekstvilkår og førebyggje at barn og unge blir utsette for omsorgssvikt eller får åtferdsproblem. Statsforvaltaren skal passe på at kommunane har ein plan for dette arbeidet.

Barn og unge skal få kome med innspel og medverke når kommunen lagar planar eller tek viktige avgjerder. Alle kommunar har ei medverknadsordning for barn og unge. Ofte heiter det ungdomsråd, ungdomspanel eller ungdommens kommunestyre. Bruk nettsida til kommunen der du bur for å finne informasjon om dette. Statsforvaltaren skal passe på at kommunane tek omsyn til barn og unge i alt dei gjer som kan få verknad for eitt eller fleire barn.

Ung.no har meir informasjon om kva som er oppgåvene til kommunen.

Barns rettar etter barnekonvensjonen 

Barnekonvensjonen er ein avtale mellom nesten alle land i verda, som handlar om barns menneskerettar. I Noreg gjeld barnekonvensjonen som norsk lov, og framfor andre lover. Staten skal gjere barns rettar kjende for alle vaksne og barn i Norge, og passe på at barna får rettane sine oppfylte. Statsforvaltaren skal følgje barnekonvensjonen i vårt eige arbeid, og vi skal hjelpe kommunane slik at dei varetek barns rettar i sitt arbeid.

Du kan lese mer om barnekonvensjonen på nettsidene til Barneombodet

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.