Kontakt oss
Vel eit fylke, og finn aktuell kontaktinformasjon til Statsforvaltaren:
Agder | Innlandet |
Møre og Romsdal | Nordland |
Oslo og Viken | Rogaland |
Troms og Finnmark | Trøndelag |
Vestfold og Telemark | Vestland |
Vel digital postkasse
Statsforvaltaren ønskjer å sende deg post digitalt i staden for på papir. Vi kan ikkje sende deg vedtaksbrev eller sensitiv informasjon på e-post fordi det ikkje er sikkert nok. Ei digital postkasse er sikker, og her kan du lagre posten din så lenge du ønskjer. Det er to leverandørar av digital postkasse, e-Boks og Digipost. Vel digital postkasse på nettsida til Noreg.no.
Unngå å bruke e-post til sensitiv informasjon
Du bør ikkje sende sensitive opplysningar til oss via e-post eller sosiale medium. Sensitive opplysningar kan til dømes vere fødselsnummer og helseopplysningar. Som privatperson kan du i staden bruke det digitale meldingsskjemaet vårt Melding til Statsforvaltaren. Det er ei sikker løysing, og systemet handterer dessutan store vedlegg. Du kan bruke kontaktskjemaet når du skal sende ei første melding til oss, eller når du skal ettersende dokument eller anna informasjon til ei sak vi har til behandling. Ha gjerne saksnummeret klart om du alt har ei sak hjå Statsforvaltaren (du finn saksnummeret i brevet frå oss). Fordi kontaktskjemaet er ei sikker løysing, må du logge inn via ID-porten. Du vel velje mellom fem alternativ for elektronisk ID når du skal logge inn: MinID, BankID, Buypass, Commfides eller BankID på mobil.
Dersom du treng å sende ei sikker melding til oss på vegner av ei bedrift eller ein organisasjon, kan du bruke skjemaet Melding fra bedrift/organisasjon.
Felles administrasjon
Statsforvaltarens fellestenester leverer administrative tenester til alle dei ti statsforvaltarane. I samarbeid med statsforvaltarane utviklar og driftar Statsforvaltarens fellestenester også digitale tenester til publikum. Hovudkontoret er i Arendal, medan dei fleste medarbeidarane våre har kontor samlokalisert med Statsforvaltaren.
Kontaktinformasjon
Statsforvalteren i Agder
Tlf: 37 01 75 00
Statsforvalteren i Innlandet
Tlf: 61 26 60 00
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Tlf: 71 25 84 00
Statsforvalteren i Nordland
Tlf: 75 53 15 00
Statsforvalteren i Oslo og Viken
Tlf: 69 24 70 00
Statsforvalteren i Rogaland
Tlf: 51 56 87 00
Statsforvalteren i Troms og Finnmark
Tlf: 78 95 03 00
Statsforvalteren i Trøndelag
Tlf: 74 16 80 00
Statsforvalteren i Vestfold og Telemark
Tlf: 33 37 10 00
Statsforvaltaren i Vestland
Tlf: 57 64 30 00