Barn og unge sin rett til å klage på barnevernet

Barn og ungdom som har kontakt med barnevernet, har rett til å klage. Du kan seie meininga di om det barnevernet gjer, slik at det kan bli betre. Det gjeld uansett om du bur heime, i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon. 

Sei frå her

 

Kva kan du seie frå om?

Du kan klage på alt du meiner ikkje er rett. Her er nokre eksempel på kva andre har klaga på, men hugs at du kan seie frå uansett kva det gjeld.

Mo 15 år

Mo, 15 år

“Eg har det ikkje bra i fosterheimen min. Det er ingen som følgjer med på korleis eg har det”

Synne 12 år

Synne, 12 år

“Dei tilsette på institusjonen tek frå meg mobilen”

Knut 9 år

Knut, 9 år

“Eg er mykje redd heime. Eg vil at barnevernet skal vite om det, slik at vi kan få meir hjelp”

 

Sei frå her

Du kan klage på alt du meiner ikkje er rett. Her er nokre døme på kva andre har klaga på, men hugs at du kan seie frå uansett kva det gjeld. 

  • Barnevernet høyrer ikkje på meg og dei spør aldri korleis eg eigentleg har det.
  • Familien min får ikkje nok hjelp frå barnevernet. 
  • Eg har det ikkje bra i fosterheimen min. Det er ingen som følgjer med på korleis eg har det.
  • Eg har det ikkje bra på barnevernsinstitusjonen og det er ingen som bryr seg om meg.
  • Eg får ikkje vere med på å bestemme nokon ting. 
  • Eg blir ofte halden fast av dei som jobbar her.
  • Eg får ikkje lov til å gå ut når eg vil.
  • Eg har fått avslag på oppfølging etter at eg vart 18 år. Kva gjer eg?
Sei frå her

Det står i barnevernlova at barn og unge skal få den hjelpa og omsorga dei treng, når dei treng det. Dersom du ikkje får den hjelpa du har rett på, er det viktig å klage, slik at du kan få det betre.

Sei frå her

Alle som har kontakt med barnevernet har rett til å klage, uansett om du bur heime, i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon.

Du kan alltid snakke med kontaktpersonen din i barnevernet, men vi veit at det nokre gonger kan vere vanskeleg. Då kan du kontakte oss som jobbar hjå Statsforvaltaren.

Du kan også klage sjølv om du har fylt 18 år. 

Sei frå her

Vi gir også råd og hjelper alle som tek kontakt med oss: barn, ungdom, besteforeldre, mamma, pappa, fosterforeldre, barnevernstenesta og barnevernsinstitusjonar. 

Klageskjema for vaksne

Statsforvaltaren skal passe på at barnevernet gjer jobben sin. Den viktigaste oppgåva vår er å følgje med på at barnevernet følger lovar og reglar. Derfor kan du klage til oss!

Sei frå her

Vi gir også råd og hjelper alle som tek kontakt med oss: barn, ungdom, besteforeldre, mamma, pappa, fosterforeldre, barnevernstenesta og barnevernsinstitusjonar. 

Klageskjema for vaksne

 

Det einaste du treng å gjere er å seie kva du heiter, kor gammal du er, kvar du bur og mobilnummeret ditt, så tek vi kontakt med deg.

Sei frå her
  1. Vi kontaktar deg slik at vi kan snakke om det du vil klage på. Det kan vere mange ulike ting ein ikkje er fornøgd med. Derfor treng vi å få vite litt meir om situasjonen din slik at vi kan finne ut kva som er best å gjere med saka di.
  2. Dersom vi bestemmer at vi skal gjere noko med saka di, ber vi også om informasjon frå til dømes barnevernstenesta eller institusjonen der du bur, men vi avtalar dette med deg først.
  3. I nokre saker kan vi bestemme at barnevernstenesta eller institusjonen skal gjere ting annleis, eller tilby deg ein annan type hjelp.
  4. Dersom barnevernet ikkje har følgt reglane, får vi dei til å rette opp i det. 
  5. Nokre klagar gjeld dessverre ting vi ikkje kan gjere noko med. Då hjelper vi deg vidare til nokon andre som kan hjelpe deg. 

Eksempel på ei klagesak

Ola (12) bur på institusjon og vil klage på at han ikkje får gå til venner etter skulen. Vi hos Statsforvaltaren snakkar først med Ola på telefonen. Så snakkar vi med institusjonen. Vi undersøker grundig, og finn ut at dette er eit brot på barnevernlova. Ola har rett til å besøke venner og det er feil av institusjonen å seie nei til dette. Dette gir vi beskjed om til institusjonen slik at ingen hindrar han i å vere saman med venner. 

Sei frå her

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Alarmtelefonen

Hugs! Hastar det, kan du ringe Alarmtelefonen for barn og unge, tlf. 116 111. Det er trygt å ringe dit og det er gratis. Dei har ope heile døgnet, alltid.

Lenke til alarmtelefonen

Barn og unges rett til å klage på barnevernet