Verjemål

Ei verje sikrar interessene til ein person som anten er mindreårig, eller som har fått oppnemnt verje. Ein person som treng hjelp til å sikre sine eigne interesser, kan få verje både på det økonomiske og det personlege området.

Det å få verje vil seie at du får hjelp til gjeremål du ikkje greier sjølv, slik at du kan fungere på lik linje med andre i samfunnet. Eit verjemål skal vere tilpassa behova du har, og det skal ikkje vere meir omfattande enn det som er nødvendig. Vanleg verjemål er frivillig, og du bestemmer sjølv om du vil ha verje eller ikkje. 

Statsforvaltaren er førsteinstans på verjemålsområdet. Det vil seie at det er Statsforvaltaren du skal kontakte om du, eller nokon som står deg nær, treng verje. 

Klagerett

Du kan klage på eit vedtak om oppretting av verjemål. Dei som har rett til å klage er vedkommande som er sett under verjemål, verja, den som har sett fram kravet om verjemål eller personens ektefelle/sambuar, næraste livsarving og søsken. For andre vedtak enn oppretting av verjemål er det vanlig klagerett etter reglane i forvaltningslova. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Du skal sende klagen til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren kan omgjere vedtaket, eller sende klagen vidare til Statens sivilrettsforvaltning, som er tilsynsmynde og klageinstans for vedtak gjort av Statsforvaltaren.

Vil du bli verje?

Det er ulike typar verjer:

  • Du kan bli oppnemnt som verje til barn utan foreldre, eller dersom foreldra av ulike grunnar ikkje kan ha heile eller delar av verjeansvaret
  • Du kan bli oppnemnt som verje for vaksne
    • viss du er forelder til vaksne barn
    • viss du er søsken, besteforelder, onkel, tante eller ein annan person i storfamilien eller i omgangskrinsen. I tillegg kan du også vere verje som nabo, ven eller viss du berre har eit ønske om å bidra ved å stille opp frivillig
    • viss du vel å stille opp som verje som ein del av arbeidet ditt, eller berre fordi du har eit ønske om å vere til nytte (fast verje/profesjonell)
  • Du er verje som forelder til egne barn under 18 år. Verje er den eller dei som har foreldreansvaret.

Kva som må til av kvalifikasjonar og eigenskapar for at du skal kunne bli verje, er avhengig av oppdraget. Statsforvaltaren avgjer kven som skal vere verje, og hovudregelen er at valet vert teke i samråd med personen som skal ha verje. Som regel legg vi vekt på at du handterer utfordringar, har kjennskap til regelverket og offentlege instansar, at du er flink til å formulere deg, har orden i eigen økonomi og likar å gjere noko for andre. Du må også ha god vandel, og verjer må leggje fram politiattest. Statsforvaltaren tilbyr nødvendig opplæring og ser til at du utfører vervet på forsvarleg vis.

 

Vis meir


16.09.2021

Utsett utreiseplikt til Afghanistan og oppsporing av sakna personar

UDI og UNE har utsett utreiseplikta til Afghanistan til 31. januar 2022.


30.08.2021

Nye verjefullmakter

Frå 1. september vil Statsforvaltaren i Vestland ta i bruk nye typar verjefullmakter i nye verjemålssaker.


23.08.2021

Verjemål og val

Du kan stemme ved årets Stortings- og sametingsval sjølv om du har fått oppnemnd verje.


16.07.2021

Korleis kan verja få tilgang til koronasertifikat for personar under verjemål?

Dersom verja har mandat til å ta hand om personlege interesser, kan han eller ho bestille koronasertifikat for personen med verje ved å sende eit brev til HELFO.


16.07.2021

Redusert lesetilgang til meldingar sendt verjemålsseksjonen via Altinn

Grunna overgang til ny arkivkjerne i verjemålssaker, får vi i ein kort periode ikkje lesetilgang til meldingar du har sendt oss via Altinn frå den 6. august.


28.06.2021

Telefontider for verjemålsseksjonen i sommar

På grunn av ferieavvikling, må verjemålsseksjonen redusere telefontidene noko i sommar.


28.06.2021

Tilgang til koronasertifikat for personar som ikkje har eigen bank-ID

Koronasertifikat er tilgjengeleg ved å logge inn med bruk av bank-ID på Helse Norge. Bank-ID er personleg, og kan ikkje brukast av andre. For personar som ikkje har eigen bank-ID, kan ei løysing vere å gje fullmakt til representasjon på Helse Norge.


28.06.2021

Verjemål med fråtaking av rettsleg handleevne

Verjemål er som hovudregel eit frivillig hjelpetiltak, som ikkje kan opprettast eller oppretthaldast i strid med den hjelpetrengande sin reelle vilje. I eit ordinært verjemål, vil den hjelpetrengande framleis kunne inngå avtaler sjølv, eller å disponere over midla sine. 


20.05.2021

Pengar til ferien for verjehavar

Dersom den du er verje for ønskjer utbetaling frå kapitalkontoen sin til ferien, bør du vere tidleg ute.


06.05.2021

Fristen for innlevering av verjerekneskap er ute

Fristen for å levere verjerekneskapen for 2020 gjekk ut den 30. april 2021. Dersom du ikkje har levert komplett verjerekneskap enno, bør du sende oss det med ein gong for å unngå purring.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel

Kontaktinformasjon

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

sfvlpost@statsforvalteren.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar