Klage på helsehjelp?

Du kan klage til Statsforvaltaren viss du ikkje er nøgd med helsehjelpa du har fått. Du kan også klage på manglande helsehjelp, eller viss du meiner at du har rettar som ikkje er oppfylte.

Publisert 25.04.2024, Sist endra 26.04.2024

Dersom du skal klage til Statsforvaltaren, vil vi gjerne at du nyttar dette skjemaet i staden for løysinga «Send sikker melding».

Lenkje til skjemaet finn du her: Klage på helsehjelp

Når du nyttar dette skjemaet, vil vi få dei opplysningane vi treng frå deg for å kunne vurdere klaga di. Viss du treng hjelp til å fylle ut skjemaet, ta kontakt med Marit Stornes eller Siri Mæland, som du finn under «Kontaktpersonar». Vi kan også avtale ein annan framgangsmåte for å ta i mot klaga di.

Dersom klaga gjeld ei alvorleg hending i helsetenesta, kan du melde dette direkte til Statens helsetilsyn. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.