Separasjon og skilsmisse

Ektefellar som ikkje ønskjer å halde fram samlivet, kan søkje om separasjon. For å søkje om skilsmisse må du anten ha vore separert i eitt år, eller du og ektefellen din må ha budd frå kvarandre i minst to år og vere samde om at samlivet er brote. 

Du kan søkje Statsforvaltaren om separasjon og skilsmisse via eit digitalt søknadsskjema. Klikk på knappen til høgre for å komme til tenesta. Der finn du også meir informasjon om separasjon og skilsmisse.

Vis meir

Telefontid måndag-fredag kl. 10.00-14.00

Telefonnummer: 57 64 30 00

Postadresse – søknad om godkjenning av utanlandsk separasjon og skilsmisse

Søknadsskjema og tilhøyrande dokument skal sendast til :

            Statsforvaltaren i Vestland

            Postboks 7310

            5020 Bergen

Du finn søknadsskjema og meir informasjon her


Publisert 03.09.2020, Sist endra 31.12.2020

Gangen i ei separasjon- og skilsmissesak

Skal du sende inn ein søknad om separasjon eller skilsmisse og er usikker på saksgangen? Her gir vi deg ei kortfatta oversikt.


Publisert 15.04.2020

Fritak frå å dokumentere skifte når du skal gifte deg på nytt

Dersom du ønskjer å inngå ekteskap på nytt må du gi opplysningar til skatteetaten om at det er gjennomført skifte etter tidlegare ekteskap, partnarskap eller sambuarskap. Når særlege grunnar talar for det kan Fylkemannen gje fritak frå kravet om å dokumentere skiftet.


Publisert 24.03.2020

Familievernkontora opnar att

I første omgang får familiar som treng det, eit tilbod om hjelp via telefon. Sentralbordet til familievernkontor i alle regionar skal vere opne frå i dag.