Skilsmisse etter samlivsbrot

Ønskjer du å søkje om skilsmisse utan å ha vore separert først? Då må du og ektefellen din ha budd frå kvarandre i minst to år og vere samde om at dette er eit samlivsbrot.

Du og ektefellen din kan også søkje om skilsmisse i fellesskap. 

Merk deg dette 

For at vi skal kunne behandle av søknaden så raskt som mogleg må du skanne og laste opp nødvendige vedlegg når du er inne i det digitale søknadsskjemaet. 

Har de felles barn under 16 år, må du/de leggje ved meklingsattest. Les meir om mekling 

Er ekteskapet inngått i utlandet, må du/de leggje ved vigselattest. Dette gjeld ikkje dersom de vart gifte ved ein norsk ambassade i utlandet eller i ei norsk sjømannskyrkje. 

To vitne må signere ei vitneerklæring der dei stadfestar at de har levd frå kvarandre i minst to år frå de flytta frå kvarandre.  

Vitna kan stadfeste erklæringa digitalt. Då må dei ha eit norsk fødselsnummer og du må leggje inn rett fødselsdato og e-postadresse til begge i den digitale søknaden. Dersom du har lagt inn feil e-postadresse eller registrert feil fødselsdato på eit vitne, vil ikkje vitnet motta e-post eller få logga inn. Då du sende inn søknaden, fekk du ein e-post med informasjon frå oss. I e-posten er det lenke til vitneadministrering, der kan du logge inn for å sjå om vitna har godkjent, eventuelt korrigere eller byte vitne. Du kan også gå inn her for å administrere vitna: 

https://sepskil.fylkesmannen.no/no/SepSkilWizard 

Du kan alternativt sende ei erklæring som vitna har underteikna. Då skannar og lastar du opp vitneerklæringa når du er inne i det digitale søknadsskjemaet. Du får tilgang til erklæringa ved å trykkje på knappen til høgre. 

Søknadsskjema 

Bruk knappen til høgre «Søk om skilsmisse etter samlivsbrot» for å starte det digitale skjemaet.  

Du kan ikkje søkje elektronisk dersom ektefellen din ikkje har norsk fødselsnummer. Dersom du bruker Mac og nettleseren Safari, kan det vere problem med å få opp søknadsskjemaet. Forsøk å opne sida med søknadsskjemaet i ein annan nettlesar, t.d. Google Chrome eller Firefox. 

Får du ikkje tilgang til det elektroniske søknadsskjemaet eller heller vil bruke papirskjema, finn du det her: papirskjema 

Du/de kan krevje skilsmisse dersom de har budd frå kvarandre i minst to år. For at Statsforvaltaren skal kunne behandle søknaden er det eit krav at de er samde i at de har budd frå kvarandre i denne perioden, og at dette har vore eit samlivsbrot. Søkjer du åleine, vil Statsforvaltaren be om ei skriftleg stadfesting frå ektefellen din på at de har budd frå kvarandre i minst to år.