Mekling

Oppdatert 02.01.2023

Har de felles barn under 16 år, må de til mekling før du/de kan søkje separasjon. 

Målet med meklinga er å hjelpe foreldra med å lage ein skriftleg foreldresamarbeidsavtale (samværsavtale). Meklinga skjer på eit familievernkontor eller hos ein ekstern meklar. 

Når meklinga er gjennomført, vil du/de få ein meklingsattest som er gyldig i seks månader. Meklingsattesten skal liggje ved søknaden om separasjon. I heilt spesielle tilfelle kan Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) gi fritak for å mekle. Ta kontakt med Bufdir for nærare informasjon om unntaka frå meklingsplikta. Statsforvaltaren kan ikkje gi separasjonsløyve utan at meklingsattesten eller dokumentasjon på fritak frå meklingsplikta er motteken frå ein av dykk. Du må laste opp eller legge ved meklingsattesten (eller dokumentasjon på fritak) når du sender søknaden om separasjon. 

Les meir om mekling og korleis du bestiller meklingstime på nettsida til Bufdir.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.