Separasjon og skilsmisse

Oppdatert 13.01.2023

Feil med søknadsskjema

På grunn av ein teknisk feil vil du ikkje kunne bruke det elektroniske skjema for søknad om skilsmisse etter separasjon. Vi beklagar ulempene dette medfører.

Ektefeller som ønskjer å gå frå kvarandre, kan søkje digitalt om separasjon og skilsmisse. Statsforvaltaren behandlar søknaden.

Ønskjer du å skiljast, må du først søkje om separasjon dersom du og ektefellen din framleis bur saman eller har budd frå kvarandre i mindre enn to år. 

Du kan velje å sende inn søknaden digitalt, eller fylle ut eit papirskjema. Digital søknad hentar automatisk nødvendige opplysningar, og gjer det raskare å fylle ut søknaden. 

Dersom du allereie er skilt eller separert og berre treng dokumentasjon på dette, kan du klikke her for å bestille kopi av løyvet

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.