Utanlandsk separasjon og skilsmisse

Er du separert i utlandet og ønskjer å søkje skilsmisse i Noreg, må den utanlandske separasjonen vere godkjent før Statsforvaltaren kan behandle skilsmissesøknaden.

Er du skilt i utlandet og skal gifte deg på nytt, må den utanlandske skilsmissa vere godkjent av Statsforvaltaren. Det same gjeld også dersom ekteskapet er annullert av ein utanlandsk domstol. 

Søknadsskjemaet for godkjenning av utanlandsk separasjon og skilsmisse finn du på høgre side. Sjå meir informasjon under om framgangsmåten for å søkje godkjenning av utanlandsk separasjon/skilsmisse.

Ein nordisk separasjon eller skilsmisse treng ikkje godkjenning frå Statsforvaltaren dersom begge partane var nordiske statsborgarar og hadde adresse i eit nordisk land på søknadstidspunktet.  

I det tilfellet blir separasjons- eller skilsmissedokumentet sendt direkte til Skatteetaten, folkeregisteret, for registrering av ny sivil status.

Er du skilt i utlandet og skal gifte deg på nytt, må den utanlandske skilsmissa vere godkjent av Statsforvaltaren. 

Det er eit krav at skilsmissa er godkjent når Skatteetaten, folkeregisteret, skal behandle søknad om prøvingsattest som alle må ha for å inngå ekteskap for norske styresmakter. 

Er du separert i utlandet må separasjonen vere godkjent, før Statsforvaltaren kan behandle ein eventuell søknad om skilsmisse frå deg. 

Statsforvaltaren behandlar også søknad om godkjenning av annullerte ekteskap. Annullering betyr at ekteskapet er kjent ugyldig av ein utanlandsk domstol, slik at den sivile statusen hjå partane blir ugift igjen.

Når du søkjer om å få godkjent ei utanlandsk skilsmisse, må du leggje ved fleire dokument. Desse dokumenta må tilfredsstille nokre  krav, du kan lese mer om desse krava nedanfor. Dersom du sender inn dei rette dokumenta med ein gong, går saksbehandlinga raskare hos oss.

Dei dokumenta som skal følgje søknaden, både separasjons-/skilsmissedokument og omsetjinga, må vere i original eller stadfesta rett kopi. Skal vi godta kopiar, må dei vere stadfesta av ein advokat eller offentleg tenestemann eller profesjonelt kopieringsfirma. Nedanfor finn du meir informasjon om kva dokumentasjon vi treng.

I dei fleste land blir ei separasjons- eller skilsmissesak behandla av ein domstol. Som hovudregel må vi difor få skilsmissedomen. Domen må vere endeleg (rettskraftig) som i praksis betyr at den ikkje kan ankast inn for ein høgare rettsinstans. Står det ikkje i domen at den er endeleg, treng vi også ei stadfesting anten frå domstolen eller eit sivilstandsregister (folkeregister) i det landet der saka er behandla. Kravet til rettskraftig dom gjeld også når vi skal godkjenne ein utanlandsk separasjon.

I nokre land er det ei anna styresmakt enn domstolen som behandlar saka. Då kan vi godta ein attest frå eit sivilstandsregister eller folkeregister der det står at partane er separert/skilt.

For at eit separasjons- eller skilsmissedokument frå utlandet skal vere gyldig i Norge, må det ha eit apostillestempel. Dette stempelet (stort og firkanta) blir påført av styresmaktene i det landet der dokumentet kjem frå. Dei stadfestar då at signaturen til den som har underteikna dokumentet er ekte og at vedkomande har det mynde og den stillinga som står opplyst i dokumentet. 

Apostillestempel kan berre bli påført av land som har underteikna Haag-konvensjonen. Landa som har slutta seg til konvensjonen har i realiteten vorte samde om å sløyfe kravet om legalisering av utanlandske offentlege dokument. Her er lista over desse landa og kontaktopplysningane til dei styresmaktene som har løyve til å påføre apostille.

Er ikkje landet medlem av Haag-konvensjonen, må dokumentet legaliserast av Utanriksdepartementet i det landet der dokumentet er utferda. Dette er ein nødvendig formalitet for at dokumentet skal ha rettskraft i Noreg. Legalisering betyr at Utanriksdepartementet i det landet som dokumentet kjem frå stadfestar at den som har skrive ut dokumentet har det mynde og den stillinga som står i dokumentet. Etter at dokumentet har vore hjå Utanriksdepartementet, må det til den norske ambassaden i det same landet for verifisering.

Dokumentasjon frå visse land har låg notoritet. Dette betyr at dokumentasjonen i mange tilfelle ikkje er til å stole på. I samband med behandling av saka kan Statsforvaltaren vurdere å be den norske ambassaden om hjelp til å få verifisert den innsende dokumentasjonen. Verifisering betyr at det blir undersøkt om dokumentasjonen er ekte og innhaldet i den er rett. Dersom du er samd i at det kan verifiserast, ber vi om å få ei skriftleg stadfesting på dette.  Statsforvaltaren betalar eventuelle utgifter til verifisering.

Er separasjons- eller skilsmissedokumentet på eit anna språk enn engelsk og tysk, må det som hovudregel vere omsett av ein statsautorisert omsetjar. Finst det ikkje en statsautorisert omsetjar på det aktuelle språket, kan vi godta omsetjing som er gjort av norsk eller utanlandsk utanriksstasjon/konsulat, universitets- eller høgskulelærar som har kompetanse på språket eller av kommunal tolketeneste. Vi krev ikkje at omsetjinga har apostillestempel.

Filippinane har ikkje separasjon eller skilsmisse i lovverket sitt. Domstolane i dette landet behandlar i staden saker om annullering av ekteskap. Det hender også at domstolar i andre land behandlar enkelte saker på tilsvarande vis. Vi kan behandle desse sakene. Då gjeld det same søknadsskjemaet og dei same krava til dokumentasjon som skildra over.

Søknaden skal sendast til Statsforvaltaren i det fylket der søkjar er busett eller oppheld seg. Er søkjar busett i utlandet, kan søknaden sendast til Statsforvaltaren i Oslo og Viken