Ofte stilte spørsmål

Separasjon

For at Statsforvaltaren skal kunne behandle ein søknad om separasjon, må ein av dykk ha tilstrekkeleg tilknyting til Noreg. Som hovudregel må ein av dykk dokumentere at de har budd fast i landet i minst to år. I nokre tilfelle kan Statsforvaltaren fråvike dette kravet. Statsforvaltaren vurderer om kravet om tilknyting er oppfylt, når søknaden vert sakshandsama. 

De kan søkje om separasjon dersom de er samde, og underteiknar søknaden eller samtykkjer i ein digital søknad. 

De er begge part i saka. Det betyr at dersom du søkjer åleine, må Statsforvaltaren sende søknaden til ektefellen din, og be han/ho om å skrive under på søknaden. Begge har rett til å gjere seg kjend med dokumenta i saka. 

Sakshandsamingstid er den tida det tek frå søknaden er motteken til den er ferdig handsama. Saksmengda som kjem inn til Statsforvaltaren kan til ein viss grad påverke kor raskt vi startar på saka di. Sakshandsamingstida kan til dømes bli lengre dersom du søkjer åleine, dersom ektefellen din er busett i utlandet eller dersom ein av dykk klagar på at Statsforvaltaren har gjeve løyve. 

Sakshandsamingstida vert kortare dersom de søkjer i fellesskap. I tillegg går det raskare å handsame saka dersom de seier frå dykk retten til å klage på at løyvet om separasjon vert gjeve. Å seie frå seg retten til å klage inneber at Statsforvaltaren kan skrive ut det endelege separasjonsløyvet til dykk same dag som løyvet er gjeve. I så fall må de begge seie frå dykk klageretten. 

Dersom Statsforvaltaren avgjer at de kan få separasjon, gjev Statsforvaltaren partane løyve til separasjon. Når du mottek dokumentet «Separasjonsløyve» frå Statsforvaltaren, er dette dokumentasjon på at du og ektefellen din er separert. Separasjonsløyvet som du og ektefellen din mottek frå Statsforvaltaren, gjev ingen av dykk rett til å inngå nytt ekteskap før ekteskapet er oppløyst ved skilsmisse.

Sjølve løyvet er det offisielle dokumentet som partane får frå Statsforvaltaren. Det blir berre skrive ut på norsk. Du må sjølv sørgje for å få omsett løyvet til eit anna språk av ein autorisert omsetjar.

Separasjonen gjeld frå den dagen Statsforvaltaren gjev løyve til separasjon. Dersom du eller ektefellen din klagar på vedtaket om separasjon, er likevel ikkje separasjonsløyvet endeleg før klagesaka er avgjort.

Separasjonstida er eitt år, uansett om de begge er samde eller ikkje. Separasjonstida startar den datoen Statsforvaltaren gjev løyve til separasjon. Dersom de held fram med eller startar opp att samlivet etter at løyvet er gjeve, kan separasjonen miste rettskrafta si. Statsforvaltaren vil likevel godta at det tek noko tid å finne ny bustad etter at separasjonsløyvet er gjeve, eller at de forsøker å bu saman att i ein kortare periode.

Når separasjonsløyvet vert sendt ut til partane, sender Statsforvaltaren samtidig ei melding til Skatteetaten, slik at folkeregisteret kan endre sivil status til separert.

Dersom de flyttar saman i separasjonstida, skal melding om dette sendast til Skatteetaten. Melding om opphøyr av separasjon finn du her. 

Har du sendt inn ein søknad om separasjon og ønskjer å trekkje den, sender du ei melding om dette. Bruk Sikker melding til Statsforvaltaren, eller send oss eit brev. Har de sendt inn ein felles søknad, må begge trekkje tilbake søknaden. 

Skilsmisse etter eitt års separasjonstid

De kan søkje om skilsmisse etter å ha vore separert i eitt år. Separasjonstida startar den datoen Statsforvaltaren gjev løyve til separasjon. Det vil seie at dersom de vart separert 24.07.2020, kan de først søkje om skilsmisse 25.07.2021.

De kan søkje om skilsmisse i Noreg innan fem år etter at de har fått separasjonsløyve.

Vitneerklæring er erklæring på at partane har budd frå kvarandre. De må leggje ved vitneerklæring for å kunne sende skilsmissesøknad til Statsforvaltaren. Det er eit eige felt i erklæringa der du/de skriv datoen de flytta frå kvarandre. I tillegg skal to vitne som kjenner ein av dykk eller begge godt, skrive under for å stadfeste at de har levd frå kvarandre frå datoen de har skrive inn.

Dersom søkjar/ektefelle har lagt inn feil fødselsdato på vitnet, vil ikkje vitnet få logga inn. Kontroller at vitnet er lagt inn med rett fødselsdato.  

Dersom søkjar/ektefelle har lagt inn feil e-postadresse på eit vitne, vil ikkje vitnet motta e-post frå Statsforvaltaren. Dersom e-postadressa er korrekt skrive, men vitnet likevel ikkje har fått e-post frå oss, må du be vitnet om å sjå etter e-posten i søppelposten/spam. 

Då søknaden vart sendt inn, fekk du ein e-post med informasjon frå oss. I e-posten er det lenke til vitneadministrering, der kan du logge inn for å sjå om vitna har godkjent, eventuelt korrigere eller byte vitne. Du kan også gå inn her for å administrere vitne: 

https://sepskil.fylkesmannen.no/no/SepSkilWizard 

De er begge part i saka. Det betyr at dersom du søkjer åleine, må Statsforvaltaren sende søknaden til ektefellen din, og be han/ho om å skrive under på søknaden. Begge har rett til å gjere seg kjend med dokumenta i saka.

Sakshandsamingstid er den tida det tek frå søknaden er motteken til den er ferdig handsama. Saksmengda som kjem inn til Statsforvaltaren kan til ein viss grad påverke kor raskt vi startar på saka di. Sakshandsamingstida vert til dømes lengre dersom du søkjer åleine, dersom ektefellen din er busett i utlandet eller dersom ein av dykk klagar på at Statsforvaltaren har gjeve løyve. 

Sakshandsamingstida vert kortare dersom de søkjer i fellesskap. I tillegg går det raskare å handsame saka dersom de seier frå dykk retten til å klage på at løyvet om skilsmisse vert gjeve. Å seie frå seg retten til å klage inneber at Statsforvaltaren kan skrive ut det endelege skilsmisseløyvet til dykk same dag som løyvet er gjeve. I så fall må de begge seie frå dykk klageretten.

Dersom Statsforvaltaren avgjer at de kan skiljast, gjev Statsforvaltaren partane løyve til skilsmisse. Når du mottek dokumentet «Skilsmisseløyve» frå Statsforvaltaren, er dette dokumentasjon på at du og ektefellen din er skilt.

Sjølve løyvet er det offisielle dokumentet som partane får frå Statsforvaltaren. Det blir berre skrive ut på norsk. Du må sjølv sørgje for å få omsett løyvet til eit anna språk av en autorisert omsetjar.

Når skilsmisseløyvet vert sendt ut til partane, sender Statsforvaltaren samtidig ei melding til Skatteetaten, slik at folkeregisteret kan endre sivil status til skilt.

Har du sendt inn ein søknad om skilsmisse og ønskjer å trekkje den, sender du ei melding om dette. Bruk Sikker melding til Statsforvaltaren, eller send oss eit brev. Har de sendt inn ein felles søknad, må begge trekkje tilbake søknaden.

Skilsmisse etter samlivsbrot

For at Statsforvaltaren skal kunne handsame ein søknad om skilsmisse, må ein av dykk ha tilstrekkeleg tilknyting til Noreg. Som hovudregel må ein av dykk dokumentere at de har budd fast i landet i minst to år. I nokre tilfelle kan Statsforvaltaren fråvike dette kravet. Statsforvaltaren vurderer om kravet om butid er oppfylt, når søknaden vert sakshandsama.

De kan søke om skilsmisse dersom de er samde og underteiknar søknaden eller samtykker i ein digital søknad.

Vitneerklæring er erklæring på at partane har budd frå kvarandre. De må leggje ved vitneerklæring for å kunne sende skilsmissesøknad til Statsforvaltaren. Det er eit eige felt i erklæringa der du/de skriv datoen de flytta frå kvarandre. I tillegg skal to vitne som kjenner ein av dykk eller begge godt, skrive under og på denne måten stadfeste at de har levd frå kvarandre sidan den datoen de har skrive inn.

Dersom søkjar/ektefelle har lagt inn feil fødselsdato på vitnet, vil ikkje vitnet få logga inn. Kontroller at vitnet er lagt inn med rett fødselsdato.  

Dersom søkjar/ektefelle har lagt inn feil e-postadresse på eit vitne, vil ikkje vitnet motta e-post frå Statsforvaltaren. Dersom e-postadressa er korrekt skrive, men vitnet likevel ikkje har fått e-post frå oss, må du be vitnet om å sjå etter e-posten i søppelposten/spam. 

Når søknaden vart sendt inn, fekk du ein e-post med informasjon frå oss. I e-posten er det lenke til vitneadministrering, der kan du logge inn for å sjå om vitna har godkjent, eventuelt korrigere eller byte vitne. Du kan også gå inn her for å administrere vitne: 

https://sepskil.fylkesmannen.no/no/SepSkilWizard 

De er begge part i saka. Det betyr at dersom du søkjer åleine, må Statsforvaltaren sende søknaden til ektefellen din, og be han/ho om å skrive under på søknaden. Begge har rett til å gjere seg kjend med dokumenta i saka. For at Statsforvaltaren skal ha mynde til å handsame ein søknad om skilsmisse etter § 22 i ekteskapslova, er det eit krav at den andre ektefellen stadfestar skriftleg at han/ho er samd i skilsmissa. I det tilfellet Statsforvaltaren ikkje mottek ei slik stadfesting frå den andre ektefellen, er det berre domstolen som har mynde til å handsame saka.

Sakshandsamingstid er den tida det tek frå søknaden er motteken til den er ferdig handsama. Saksmengda som kjem inn til Statsforvaltaren kan til ein viss grad påverke kor raskt vi startar på saka di. Sakshandsamingstida vert til dømes lengre dersom du søkjer åleine, dersom ektefellen din er busett i utlandet eller dersom ein av dykk klagar på at Statsforvaltaren har gjeve løyve. 

Sakshandsamingstida vert kortare dersom de søkjer i fellesskap. I tillegg går det raskare å handsame saka dersom de seier frå dykk retten til å klage på at løyvet om skilsmisse vert gjeve. Å seie frå seg retten til å klage inneber at Statsforvaltaren kan skrive ut det endelege skilsmisseløyvet til dykk same dag som løyvet er gjeve. I så fall må de begge seie frå dykk klageretten.

Dersom Statsforvaltaren avgjer at de kan skiljast, gjev Statsforvaltaren partane løyve til skilsmisse. Når du mottek dokumentet «Skilsmisseløyve» frå Statsforvaltaren, er dette dokumentasjon på at du og ektefellen din er skilt.

Sjølve løyvet er det offisielle dokumentet som partane får frå Statsforvaltaren. Det blir berre skrive ut på norsk. Du må sjølv sørgje for å få omsett løyvet til eit anna språk av en autorisert omsetjar.

Når skilsmisseløyvet vert sendt ut til partane, sender Statsforvaltaren samtidig ei melding til Skatteetaten, slik at folkeregisteret kan endre sivil status til skilt.

Har du sendt inn ein søknad om skilsmisse og ønskjer å trekkje den, sender du ei melding om dette. Bruk Sikker melding til Statsforvaltaren, eller send oss eit brev. Har de sendt inn ein felles søknad, må begge trekkje tilbake søknaden.

Annan informasjon

Dersom du ønskjer å endre etternamn i samband med separasjon eller skilsmisse, må du sjølv kontakte Skatteetaten for å melde namneendring. Informasjon om framgangsmåten for å endre namn finn du her www.skatteetaten.no. Statsforvaltaren behandlar berre søknaden om separasjon/skilsmisse.

Har du vore utsett for overgrep og/eller alvorleg mishandling eller er utsett for bigami, kan du fremje sak om skilsmisse for tingretten. Kontakt tingretten i den kommunen du bur for meir informasjon om framgangsmåten. 

Eit "skifte” betyr deling av det som du og din tidlegare ektefelle eventuelt eigde saman, då de var gift (til dømes bustad, innbu, bil og pengar). Statsforvaltaren behandlar ikkje skiftesaka mellom partane.