Skilsmisse etter separasjon

Oppdatert 22.01.2024

Har du vore separert ved løyve i minst eitt år, kan du søkje om skilsmisse.

Merk deg dette 

For at vi skal kunne behandle av søknaden så raskt som mogleg, må vi også ha motteke ei erklæring frå to vitne. Dei må stadfeste at du og ektefellen din har budd frå kvarandre i minst eitt år frå de flytta frå kvarandre. 

Vitna kan stadfeste erklæringa digitalt. Da må dei ha eit norsk fødselsnummer og du må leggje inn rett fødselsdato og e-postadresse til begge i den digitale søknaden. Dersom du har lagt inn feil e-postadresse eller registrert feil fødselsdato på eit vitne, vil ikkje vitnet motta e-post eller få logga inn. Då du sende inn søknaden, fekk du ein e-post med informasjon frå oss. I e-posten er det lenke til vitneadministrering, der kan du logge inn for å sjå om vitna har godkjent, eventuelt korrigere eller byte vitne. 

Du kan også gå inn her for å administrere vitne.

Alternativt kan du sende ei erklæring som vitna har underteikna på. Då skannar og lastar du opp vitneerklæringa når du er inne i det digitale søknadsskjemaet. Du får tilgang til erklæringa ved å trykkje på knappen til høgre. 

Søknadsskjema 

Bruk knappen «Gå til digitalt søknadsskjema» for å starte det digitale skjemaet.  

Du kan ikkje søkje digitalt dersom ektefellen din ikkje har norsk fødselsnummer. 

Får du ikkje tilgang til det digitale søknadsskjemaet eller heller vil bruke papirskjema, finn du det her: papirskjema 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Har de fått eit separasjonsløyve frå Statsforvaltaren og vore separert i minst eitt år, kan du/de krevje skilsmisse.