Folk og samfunn

Oppdatert 20.12.2022

Som innbyggjar kan du komme i kontakt med Statsforvaltaren i ulike situasjonar. På ein del område er Statsforvaltaren den første offentlege instansen du møter, på andre område er Statsforvaltaren klageinstans for vedtak som er gjorde av andre.

Statsforvaltaren ønskjer å sende deg post digitalt i staden for på papir. Vi kan ikkje sende deg vedtaksbrev eller sensitiv informasjon på e-post fordi det ikkje er sikkert nok. Ei digital postkasse er sikker, og her kan du lagre posten din så lenge du ønskjer. Det er to leverandørar av digital postkasse, e-Boks og Digipost. Vel digital postkasse på nettsida til Noreg.no.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

21.09.2023

Har du innspel til ny stortingsmelding om folkehelse og levekår i samiske område?

Regjeringa skal legge fram stortingsmeldinga til våren og ønskjer innspel til arbeidet.


18.09.2023

Nytt frå Leve heile livet-satsinga i Vestland

I det nye informasjonsbrevet får de relevant informasjon om kva som rører seg i arbeidet i Vestland. 


07.09.2023, Endra 21.09.2023

Inn på tunet gir arbeidstrening med nytteverdi

Khaled Alobeid har fått språk- og arbeidstrening på Gullvegen Inn på tunet-gard på Bømlo. Her har han fått bruka kompetansen sin og fått nyttig kunnskap om HMS og norsk arbeidsliv. I denne filmen får du høyra kva nytteverdi Inn på tunet kan gje for innvandrarar med fluktbakgrunn.


17.08.2023, Endra 21.08.2023

Korleis går vi frå Leve heile livet til Bu trygt heime?

Bli med på konferansen 4.-5. oktober. Få ny kunnskap om den nasjonale satsinga Fellesskap og meistring  - Bu trygt heime, og få innblikk i kunsten å bli eldre. 


11.08.2023

Eldreråd får tilbod om opplæring i aldersvenleg utvikling

Nye eldreråd får moglegheita til å utforske korleis dei kan bidra til aldersvenleg samfunnsutvikling og sikre ei sterkare stemme for eldre i kommunen sin.


11.08.2023

Handlingsplan for auka inkludering i eit digitalt samfunn

Målet med handlingsplanen er å motverke digital utanforskap og legge til rette for at alle blir inkludert i samfunnet.


23.06.2023, Endra 23.06.2023

Fellesskap og meistring – Bu trygt heime

Den nye stortingsmeldinga skal sørge for eit meir aldersvenleg samfunn, meir heilskap i eldrepolitikken, og betre helsehjelp til eldre i Noreg.  


22.06.2023, Endra 01.08.2023

Satsing på førebyggande arbeid på barn og unge-feltet i Vestland

I vår har 39 av 43 kommunar delteke i ein planprosess for førebyggande planar. Målet har vore å sjå heilskapleg på korleis kommunane kan arbeide langsiktig for å bygge eit teneste- og tiltaksapparat som møter dei behova barn, unge og foreldre har no, og i framtida.  


26.04.2023, Endra 26.05.2023

Seminar om seniorpersonell i helsesektoren

Korleis kan satsing på seniorar i helsesektoren kan bli ein del av løysinga på helsepersonellutfordringane, var tema på eit seminar Helsedirektoratet arrangerte 23. mai. Du kan sjå opptak av seminaret. 


31.03.2023

Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar

I den nye folkehelsemeldinga presenterer regjeringa den samla innsatsen for å fremje betre folkehelse og god livskvalitet i befolkninga. 


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel