E-læringskurs om CRPD

Eit nytt e-læringskurs skal gje tilsette i kommunane eit verktøy for å vareta menneskerettane i praksis.

Publisert 21.02.2024

Kommunane har ei viktig oppgåve i å sikre menneskerettane til personar med funksjonsnedsetting. Desse rettane er nedfelt i FN-konvensjonen om rettar til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD). Det nye e-læringskurset skal bli eit viktig verktøy for å auke likestillinga i kommunane.  

Kurset er utvikla av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) i samarbeid med kommunar, interesseorganisasjonar og statlege organ. Kurset skal gi kommunane auka kunnskap om CRPD, og korleis kommunane skal bruke konvensjonen, anten administrativt eller ute i tenestene.

Kurset gir ei innføring i:

  • kva konvensjonen er og kvifor den er viktig
  • dei grunnleggande prinsippa i CRPD
  • korleis bruke konvensjonen i praksis i eigen arbeidskvardag

Kurset er relevant kunnskap for alle tilsette i kommunane og i dei kommunale tenestene, anten du jobbar med planarbeid, oppvekst og skule, byutvikling, barnevern, bibliotek eller helse- og omsorgstenestene. Det er også viktig at leiarane i kommunen set seg inn i CRPD.

Med auka kompetanse på CRPD, er alle tilsette i kommunane betre rusta til å skape eit tilgjengeleg og inkluderande samfunn.  

Kurset er tilgjengeleg på kursplattformen til Bufdir og på nettsida KS-læring.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.