Bustadsosialt arbeid

Oppdatert 05.01.2024

Alle treng ein trygg heim, men enkelte treng hjelp til å skaffe ein trygg og god bustad for seg og sine. Statsforvaltaren rettleiar kommunar i Nordland, Vestland og Rogaland i tema som høyrer inn under det bustadsosiale arbeidet. Døme er heilskapleg bustadplanlegging i kommunen, bustader for eldre, nullvisjon for bustadløyse og tiltak for at barnefamiliar, unge uføre og andre utsette grupper kan få eige sin eigen bustad.

Hausten 2021 vart kommuneretta oppgåver frå to regionkontor hos Husbanken overført til statsforvaltarane i Nordland, Vestland og Rogaland. Målet er å skape eit sterkt fagmiljø der bustad blir sett i samanheng med fagområde som helse, sosial, rus, barnevern og arbeidsliv. Oppdraget vårt er i første omgang eit treårig forsøk.

Det er mange som må spele på lag for at vi skal lukkast med den sosiale bustadpolitikken. Kommunane har ulik storleik, organisering og ulike utfordringar. Strategien «Alle trenger et trygt hjem» (2020-2024), peikar på seks suksessfaktorar som grunnleggjande for å nå måla i det bustadsosiale arbeidet:

  • forankring og eigarskap
  • organisering og samordning
  • overordna strategi
  • kompetanse
  • økonomiske ressursar
  • brukarmedverknad

Statsforvaltarane møter kommunar fysisk og digitalt, og vi medverkar til å utvikle det bustadsosiale arbeidet i kommunen. Vi har også arrangement som kan bidra til å auke kompetansen innan bustadsosiale tema.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 03.10.2023

Ti års systematisk arbeid mot bustadløyse på dagsordenen på Housing First jubileumskonferanse i Oslo

Rundt 200 deltakarar deltok på den nasjonale Housing First-konferansen i september for å diskutera, dela og finne inspirasjon for vidare arbeid for å eliminera bustadløyse i Norge.


Publisert 25.08.2023

Housing First - 10 år i Norge

Housing First er ein metode for å skaffe bustad og tenester til menneske som har utfordringar med rus og/eller psykisk helse. Metoden har høg grad av brukarmedverknad og med dokumentert effekt. Den 22. september vert det arrangert ein nasjonal konferanse om Housing First, for å feire 10 års arbeid i Norge. Grunnleggjaren av metoden, Sam Tsemberis er hovedtaler på konferansen.


Publisert 13.04.2023

Klyngetunet i Årdal – eit godt døme

Som følgje av eit godt samarbeid mellom Årdal kommune og Årdal boligbyggelag, har dei gode erfaringar med å utvikle bustader til utviklingshemma.


Publisert 03.04.2023

Ny bustadsosial lov frå 1. juli

Den nye lova skjerpar plikta til å ta bustadsosiale omsyn i planlegginga, samarbeide på tvers av sektorar, og å gi individuelt tilpassa hjelp til vanskelegstilte på bustadmarknaden. 


Publisert 24.02.2023

Webinar om Housing First-metoden i bustadsosialt arbeid

Har du personar med utfordringar innan rus og/eller psykisk helse i din kommune, som er vanskeleg å finne gode bustad- og tenestetilbod til?


Publisert 17.11.2022

Korleis tenkje aldersvenleg bustadbygging for framtida?

Regjeringa vil leggja til rette for at fleire eldre kan bu lenger heime, for å sikre berekraftige teneste. Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet har hausta erfaringar frå Danmark der seniorbufellesskap har vorte ein ettertrakta buform blant eldre.


Publisert 10.11.2022

Distriktspolitiske verkemiddel i bustadpolitikken

Vi oppmodar distriktskommunane til å sjå på dei moglegheitene som ligg i å føre ein aktiv bustadpolitikk. Startlån og lån frå Husbanken er verkemiddel kommunane kan bruke i arbeid med å tiltrekkje seg eller behalde arbeidskraft, og gi eigna bustader til fleire eldre innbyggjarar. 


Publisert 10.11.2022

Sluttrapport for bustadsosialt prosjektarbeid i Vestland og Rogaland

Sluttrapporten «Mer velferd med bolig for velferd?» kjem med fleire forlag til korleis kommunane kan betre tenestene for sårbare grupper som manglar bustad, eller risikerer å misse bustaden sin. 


Publisert 05.10.2022

Fleire skal kunne eiga bustad

Alle skal ha moglegheit til å skaffa seg og behalda ein eigna bustad, og vera del av eit trygt bumiljø og lokalsamfunn. Startlån er det viktigaste verkemiddelet for at personar med langvarige finansieringsproblem skal kunna kjøpa eigen bustad, men òg i distriktskommunars arbeid for å tiltrekkja seg og behalde arbeidskraft, og skape fungerande bustadmarknader.


Publisert 12.08.2022

Der Ungdommen Er

Der Ungdommen Er – DUE – er eit ubyråkratisk barnevernstiltak og bu- og nærmiljøtiltak i Bergen kommune. Frå oppstarten i 2003 til mars 2022 har om lag 700 born, ungdommar og deira familiar motteke miljøterapeutisk oppfølging gjennom DUE-tiltaket.