Korleis tenkje aldersvenleg bustadbygging for framtida?

Regjeringa vil leggja til rette for at fleire eldre kan bu lenger heime, for å sikre berekraftige teneste. Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet har hausta erfaringar frå Danmark der seniorbufellesskap har vorte ein ettertrakta buform blant eldre.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.11.2022

Eit av tiltaka i strategien «Alle trenger et trygt hjem», er å medverke til fleire eigna bustadar for eldre. I kvalitetsreforma «Leve hele livet» er aldersvenlege samfunn eit viktig innsatsområde, og planlegging for eigen alderdom er sentralt i reformarbeidet.

Regjeringa er opptatt av at det trengst ei rekkje tiltak for å møte den demografiske samfunnsutfordringa, og vil stimulere til et mangfald av bustadar som er eigna for eldre.  I Danmark har seniorbufellesskap vorte ein populær buform.

Seniorbufelleskap er ei buform der dei eldre kan ha sin eigen bustad, og samstundes vere ein del av eit fellesskap som sikrar eit nettverk og ein meiningsfull kvardag. Undersøkingar viser at eldre som bur i bufellesskap opplever mindre einsemd.

Statsforvaltaren, saman med regionalt støtteapparat for Leve heile livet, var på studiereise til København for å sjå på alternative buformer for eldre i og rundt storbyen. Denne oppsummeringa viser fleire døme på korleis dei eldre sjølve, og kommunen, har organisert ulike former for seniorfellesskap.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.