Ti års systematisk arbeid mot bustadløyse på dagsordenen på Housing First jubileumskonferanse i Oslo

Mann foran bygning
AKTUELT: Relasjonar og etterleving av metodeprinsippa sto på dagsordenen på konferansen i Oslo, der Sam Tsembris frå USA deltok. Foto: Anne Bergljot Gimmestad Fjelnseth/NAPHA.

Rundt 200 deltakarar deltok på den nasjonale Housing First-konferansen i september for å diskutera, dela og finne inspirasjon for vidare arbeid for å eliminera bustadløyse i Norge.

Publisert 03.10.2023

Det er 10 år sidan Housing First som metode kom til Noreg, og på konferansen i haust vart kunnskap og erfaringar som ein har fått i løpet av desse åra, lagt på bordet.

Housing First har sidan oppstarten i 2011 hatt ei jamn stigning i talet på kommunar som jobbar etter modellen. Frå nord til sør er det i dag omtrent 23 prosjekt. Mange som var representert på konferansen, både delte og fekk inspirasjon. På konferansen var gode foredragshaldarar både frå tenester og kompetansesenter.

Grunnleggjaren av Housing First, gresk-amerikanaren Sam Tsemberis, hadde komme over Atlanteren for å delta på konferansen. Med klare ord og gode råd inspirerte han deltakarane, som kom frå fleire kommunar, tenester og organisasjonar.

– Sett dykk eit mål om å avslutta bustadløysa og ein tidsfrist for når det skal vera oppnådd, oppmoda Tsemberis.

Sette seg mål, nådde dei etter tre år

– Bruk prinsippa i Housing First-metoden som strategi for å jobba målretta.

Tsemberis viste til byen Milwaukee i Wisconsin, som i 2019 bestemde seg for å få bukt med bustadløysa for sine 300 huslause innan tre år.

Ulike private og offentlege tenester og organisasjonar bestemte seg for å samarbeida om å jobba målretta etter Housing First sine prinsipp. Desse prinsippa går ut på å skaffa bustadlause bustad basert på deira eigne val, og å jobba heilt konkret med basale aspekt av deira liv, som økonomisk stabilitet, aktivitetar og inkludering i samfunnet.

Kvart halvår gjorde dei opp status, og nærast på dagen tre år etter oppstart var dei i mål.

Vegen til recovery

Tsemberis slo fast at trygge og gode relasjonar leiar til recovery, og at korleis ein har det og fungerer der ein bur, speler ei stor rolle.

– I Milwaukee speler lokalsamfunnet på lag med tenestene. I staden for å tilkalla politi, viss nokon er rusa eller skaper uro, ringjer dei sosialtenesta. Då kjem Housing First-teamet for å sjekka ut saka. I dei aller fleste tilfella har Housing First-teamet kjennskap til dei menneska det gjeld, og handterer saka vidare.

– Nøkkelen til suksessen er at kommunar har god kjennskap til dei menneska dei jobbar med. Gjennom gode og trygge relasjonar er det mogleg å bli kjend med menneska, ikkje berre diagnosen eller det som er vanskeleg, seier Tsemberis.

Jobb etter metoden

Sam Tsemberis seier at Housing First først og fremst handlar om menneske.

– Metoden har mennesket i sentrum, og så skaper me tenester rundt personen, og tenester som møter behovet til personen. Dette i staden for at personen må tilpassa seg våre tenester.

– Det er godt dokumentert at denne måten å jobba på gir svært høg bustabilitet for personar med store utfordringar innan rus og psykisk helse, og betre livskvalitet for den enkelte, slår han fast.

Brukarmedverknad som kjerne

Basisprinsippa i Housing First er brukarmedverknad, å skilja bustad og tenester, tenester som matcher behov, recovery-basert arbeid og sosial inkludering.

– Brukarmedverknad er grunnsteinen i ein recovery-prosess. Menneske som slit med rus eller psykiske vanskar, har som oftast eit første ønske om ein trygg og god bustad. Etter at denne tryggleiken er på plass, er det lettare å tenkja på andre ting, som behandling eller at dei kan vera med på ulike aktivitetar.

Ikkje andre privilegium

Housing First handlar ikkje om å gi andre eller betre privilegium til deltakarane, påpeikar Tsemberis.  

– Det handlar om å gi bustadlause menneske som slit med rus og psykisk helse dei same rettane og moglegheiter som alle andre har.

Statsforvaltarane i Vestland, Rogaland, Nordland og Innlandet, Husbanken, Kinn kommune og NAPHA samarbeidde om å arrangera konferansen.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar