Fleire skal kunne eiga bustad

Illustrasjonsbilete av framsida på Nasjonal strategi for den sosiale boligpolitikken (2021-2024), to born som leikar.
Ill.bilete: framsida på Nasjonal strategi for den sosiale boligpolitikken (2021-2024) Foto: Regjeringen/KMD.

Alle skal ha moglegheit til å skaffa seg og behalda ein eigna bustad, og vera del av eit trygt bumiljø og lokalsamfunn. Startlån er det viktigaste verkemiddelet for at personar med langvarige finansieringsproblem skal kunna kjøpa eigen bustad, men òg i distriktskommunars arbeid for å tiltrekkja seg og behalde arbeidskraft, og skape fungerande bustadmarknader.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.10.2022

Tal frå Husbankens statistikkbank viser at det ved utgongen av september i år har vore ein nedgong i tal husstandar som har fått utbetalt startlån i Noreg, samanlikna med same tid i 2021. Kommunar i Vestland fylke har utbetalt 121 færre startlån enn på same tid i 2021, noko som utgjer meir enn halvparten av nedgongen i landet. Vi oppmodar difor kommunane i Vestland til å prioritera bruk av startlån, 

Hovudvilkåret for å gje startlån er at personen ikkje kan finansiera ein bustad med lån frå vanleg bank, og at dette vil vare i lang tid. I tillegg er det krav om at personen utnyttar moglegheitane for å spare. Barnefamiliar og utviklingshemma er prioriterte målgrupper for startlånsordninga. 

Kommunane kan gjera unntak frå kravet om at søkjaren må ha langvarige bustadfinansieringsproblem, og at søkjaren har utnytta sparepotensialet sitt i følgjande tilfelle:

  • Husstanden har barn eller særlege sosiale eller helsemessige utfordringar, og omsynet til å skapa ein trygg, god og stabil busituasjon talar for det.
  • Husstanden har problem med å dekkja buutgiftene, og refinansiering med startlån kan medverke til at husstanden kan verta buande i bustaden sin.
  • Lånet medverkar til at kommunalt disponerte bustadar vert utnytta betre.
  • Busituasjonen hindrar moglegheitane til å oppretthalde eit arbeidstilhøve, eller hindrar utvikling av det lokale næringslivet. Dette unntaket er mest aktuelt i distrikta, men unntaket kan brukast i alle kommunar i landet.

Startlån kan i stor grad tilpassast situasjonen søkjaren er i. Stadig fleire kommunar tilbyr fullfinansiering, inntil 50 års nedbetalingstid, inntil 20 års fastrente og inntil åtte år avdragsfritak.

Vi oppmodar kommunane i Vestland til aktiv og fleksibel bruk av startlånet, slik at fleire husstandar kan skaffa og behalda ein eigna bustad, og vera ein del av eit trygt bumiljø og lokalsamfunn.

Her finn du rettleiar for saksbehandling av startlån (Husbanken).

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.