Housing First - 10 år i Norge

Housing First er ein metode for å skaffe bustad og tenester til menneske som har utfordringar med rus og/eller psykisk helse. Metoden har høg grad av brukarmedverknad og med dokumentert effekt. Den 22. september vert det arrangert ein nasjonal konferanse om Housing First, for å feire 10 års arbeid i Norge. Grunnleggjaren av metoden, Sam Tsemberis er hovedtaler på konferansen.

Publisert 25.08.2023

Eigne val

De aller fleste i Norge finn seg ein bustad i eit nabolag dei ønskjer å bu i. Dette er ikkje sjølvsagt for personar som har utfordringar med rus og/eller psykisk helse, og som treng hjelp til å skaffe seg ein stad å bu. Rusavhengige får som regel ikkje velje sjølv. Dei får gjerne tildelt ein bustad, og denne ligg gjerne ein stad der naboane har tilsvarande utfordringar, fortel seniorrådgjevarane Jorunn Fotland, Statsforvaltaren i Vestland, og Liv Halseth, Husbanken. Dei har følgt med på utviklinga av Housing First i Norge.

Fotland og Halseth fortel at forskning viser at personar med rusutfordringar ikkje ønskjer å bu saman med andre rusavhengige, men i ordinære bustadar i ordinære nabolag. Housing First set brukaren sine val i sentrum, og gjev denne brukargruppa moglegheit til å velje sjølv. Også når det gjeld bustad. Først får dei ein god og eigna stad å bu, deretter driv ein oppfølgjing etter brukaren sine behov og ønskjer, seier dei.

Housing First i Norge

Målgruppa for dei norske Housing First-tiltaka er i hovudsak bustadlause personar med utfordringar innan rus og/eller psykisk helse, men kan også inkludera personar som har bustad og treng hjelp til å oppretthalda butilhøve. I dag er det omlag 20 kommunar, både små og store, som har oppretta Housing First-team, i tillegg til at fleire kommunar er i oppstartsfasen.

Housing First byggjer på åtte prinsipp: bustad som menneskerett, respekt og varme i møte med brukarane, spreidd busetnad, skilje mellom bustad og teneste, brukarstyring, forplikting til å følgje opp brukaren så lenge det er nødvendig, recovery-orientering og skadereduksjon. Oppfølgjinga skjer gjennom eit tverrfagleg samansett ambulerande team.

Housing First har bidratt til å utvikla brukarmedverknad i tenestene rundt rusavhengige. Både i Norge og internasjonalt bidrar tilnærminga i metoden til at brukarane er svært fornøgde, har høg bustabilitet, vert i mindre grad akuttinnlagt og har færre fengselsdøgn, seier seniorrådgjevarane.

Brukarane sine erfaringar

Fotland og Halseth viser til at Housing First har ein positiv effekt for brukarar i flere evalueringar av metoden:

Evalueringane av Housing First i Bergen og Sandnes viser høg bustabilitet og fornøgde brukarar (Skog Hansen, 2017). Dette er i stor grad personar som tidlegare ikkje har klart å bu stabilt. Brukarane gjev uttrykk for at dei opplever å verte møtt på ein annleis måte enn tidlegare. Den systematiske brukarmedverknaden i Housing First, ser ut til å gje ein meirverdi som gjer at brukaren kan lukkast betre med å oppretthalda eit stabil butilhøve.

Housing First ser ut til å, «i større grad enn annen tjenesteyting, iverksetter nasjonale føringer om å sette brukeren i sentrum for tjenestetilbudet» (Barvik og Flaato, 2018, s.51). Prosjekta har i stor utstrekning tilbudt ordinære bustadar i ordinære bumiljø. Brukarane oppgjev også at dei er fornøgde med bustaden.

I evalueringa av Housing First i Sandnes og Bergen (Skog Hansen 2017) trekkjer brukarane fram at det som er spesielt bra med Housing First er måten dei tilsette møter dem på. Dei opplever å verte lytta til, respektert og tekne på alvor. Ifølgje Skog Hansen (2017) er særleg tryggleik og ro noko brukarane vektlegg ved bustaden sin, både fordi dei har eit føreseieleg og langsiktig butilhøve, at dei kan låse døra og at bustaden ligger langt frå rusmiljøet. Bustaden har gjeve dei ein base. Fleire har og fått meir og betre kontakt med familien.

Utviklingstrekk innan bustadløyse i Norge

Kommunane som deltek i Husbankens nettverk for samarbeid om bustadløyse oppgjev at dei oppleve ei auke i bruk av §27 i sosialtenestelova, som forpliktar kommunen til å finna mellombelse butilbod for dei som ikkje klarar det sjølve.

Vi får også vite frå kommunane i nettverket at dei opplever ei auke i tal personar med samstundes rusmiddelbruk og psykiske lidingar. Kommunane slit og med NIMBY (Not in My Back Yard)- problematikk når dei skal etablera nye bustadar eller butiltak for bustadløyse, seier seniorrådgjevarane.

Vi trur at Housing First som modell for varig etablering av bustadlause, også kan brukast i arbeidet med etablering av andre vanskelegstilte grupper. Metoden kan bidra til å førebyggja bustadløyse og at vi når visjonen om at ingen skal vera bustadlause, seier dei.

Du kan lesa meir om metoden i metodehåndboka for Housing First, sjå lenke i høgre meny.

Sjå lenke til høgre for å melde deg på konferansen til Housing First.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.