Forvaltningsrett

Oppdatert 12.03.2024

Forvaltningslova har generelle reglar om blant anna habilitet, teieplikt og rettleiingsplikt. Lova tek også for seg utgreiingsplikt, grunngivingsplikt, underretningsplikt og klage- og omgjeringshøve. Lova inneheld også reglar om korleis forskrifter og vedtekter skal utarbeidast.

Forvaltningslova avgjer blant anna korleis ein kommune eller eit statleg forvaltningsorgan skal gjere vedtak, og gir deg som innbyggjar klare rettar i møte med det offentlege:

  • Du har rett til å bli varsla om ei pågåande sak.
  • Du har rett til å søkje råd hos ein advokat eller ein annan du har tillit til.
  • Du har rett til (med nokre unntak) å sjå dokumenta i saka di.
  • Du har rett til å få ei grunngiving for det vedtaket som er gjort.
  • Du har rett til å klage på enkeltvedtak.
  • Du kan i visse tilfelle få dekt sakskostnader dersom vedtaket blir endra etter ei klage.
  • Du skal få hjelp til å klage hos den som har gjort vedtaket.

Det er berre vedtak som gjeld rettane og pliktene til enkeltpersonar, som blir rekna som enkeltvedtak. Statsforvaltaren er klageinstans for nokre typar enkeltvedtak.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 24.10.2023

Innføringskurs i grunnleggande forvaltningsrett for tilsette i alle sektorar i kommunane

Universitetet i Bergen har i samarbeid med Statsforvaltaren utvikla eit innføringskurs i forvaltningsrett for kommunalt tilsette. Fristen for å søkje om deltaking på kurs som blir gjennomført våren 2024 er fredag 24. november 2023.


Publisert 01.10.2020

Rett klageinstans for vedtak gjort av interkommunale selskap

Forvaltningslova krev at særskilde klagenemnder skal vere uavhengige av etaten som har gjort det påklaga vedtaket. Styret i eit IKS kan derfor ikkje vere klageinstans for vedtak gjort av dei som er tilsett i det same føretaket.


Publisert 01.10.2019

Innføringskurs i forvaltningsrett for tilsette i kommunane

Universitetet i Bergen har i samarbeid med Fylkesmannen utvikla eit innføringskurs i forvaltningsrett for tilsette i kommunane. Kurset vart gjennomført som ein pilot våren 2019, og fekk svært gode tilbakemeldingar. Det vart vurdert som relevant, tilpassa og nyttig av tilsette i alle sektorar.