Innføringskurs i grunnleggande forvaltningsrett for tilsette i alle sektorar i kommunane

Fredag 24. november er fristen for å søkje om deltaking på innføringskurset i forvaltningsrett for kommunalt tilsette våren 2024. Kurset er utvikla av Universitetet i Bergen og Statsforvaltaren i Vestland.

Publisert 21.11.2023, Sist endra 21.11.2023

Sidan oppstart våren 2019 har 155 deltakarar gjennomført kurset, og tilbakemeldingane frå deltakarane har vore svært positive. Kurset er vurdert som relevant, tilpassa og nyttig av tilsette i alle sektorar.

Målgruppe

Målgruppa er tilsette som i ein del av stillinga si er saksbehandlar eller skriv vedtak innanfor t.d. pleie- og omsorgstenesta, barnevern, sosial, oppvekst og utdanningssektoren, teknisk etat og alle andre delar av den kommunale forvaltninga, og som har fagbakgrunnen sin frå desse felta.

Formelle krav

For kursdeltakarar over 25 år er det ikkje krav til studiekompetanse, medan deltakarar under 25 år må dokumentere dette. Statsforvaltaren legg til grunn at kurset vil vere mest relevant for dei med nokre års arbeidspraksis.

Pensum og gjennomføring

Kurset vil ha merksemd på hovudreglar og trening i vedtaksskriving innanfor den enkelte sitt fagfelt, og blir lagt opp slik at det er tilpassa arbeidssituasjonen og skal vere praktisk til nytte i deltakarens arbeidskvardag.

Undervisninga er for det meste nettbasert, med to samlingar ved Universitetet i Bergen. Oppstartsdato for første nettførelesing er torsdag 8. februar 2024.

Dei to samlingane blir gjennomført fredag 15. til laurdag 16. mars og fredag 24. til laurdag 25. mai. Samlingane vil bli strøymde for dei som ikkje kan møte fysisk.

Vi viser elles lenke til emneskildringa (uib.no).

Eksamen

Kurset blir avslutta med heimeeksamen 6. juni 2024, og vil gi 10 studiepoeng.

Praktisk informasjon

  • Kurset har plass til om lag 30 deltakarar.
  • Kursavgift er estimert til kr 27.500. I tillegg kjem utgifter til overnatting og reise til to samlingar, kvar over to dagar.
  • Statsforvaltaren tek sikte på å gi kvar kommune som deltek eit tilskot på om lag kr. 15 000 ved fullført deltaking på kurset. Kvar kommune vil få tilbod om eitt slikt tilskot.

Søknad/påmelding

Det er kommunen som søkjer for den tilsette. Dersom kommunen har fleire kandidatar, ber vi om at kommunedirektøren nominerer desse i rekkefølgje med ein kort omtale av kvar. Deltakarane kan gjerne kome frå ulike sektorar i kommunen.

Dersom mange søkjer, vil vi avgrense deltakinga frå kvar kommune og opprette venteliste.

Søknad, eventuelt nominert rekkefølgje av kandidatar, sender kommunen til: sfvlpost@statsforvalteren.no seinast fredag 24. november 2023.

Søknaden må innehalde desse opplysningane om den/dei tilsette:

  • namn
  • e-postadresse
  • adresse
  • fødselsdato (ikkje personnummer)
  • stilling i kommunen
  • kort omtale av søkjaren sine oppgåver og fagbakgrunn
  • dokumentasjon på studiekompetanse (for dei under 25 år)

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.