Kommunalrett

Oppdatert 11.07.2022

Kommunelova gir kommunar og fylkeskommunar stor fridom til å organisere verksemda si, berre dei held seg til reglane i forvaltningslova, offentlegheitslova og dei enkelte særlovene.

Det er viktig å balansere kommunalt sjølvstyre og lokaldemokrati mot nasjonale likskapsprinsipp og rettstryggleik, som skal gjelde for alle innbyggjarane i landet.

Statsforvaltaren har mynde til å kontrollere verksemda i kommunane. Tre eller fleire medlemmer av eit kommunestyre kan saman sende ei avgjerd til Statsforvaltaren for å få kontrollert at ho er lovleg. Statsforvaltaren kan dessutan på eiget initiativ ta opp saker til lovleg­kontroll. Statsforvaltaren kontrollerer at vedtaket har komme til på lovleg vis, at det er gjort av riktig organ, og at innhaldet i avgjerda er i samsvar med gjeldande lover og reglar.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 05.04.2022

Tverrfagleg master i kommunal leiing

Statsforvaltaren i Vestland har vore med på å utvikle eit nytt tverrfagleg masterprogram ved Universitetet i Bergen. Studiet har tre modular, alle med oppstart hausten 2022, og med første søknadsfrist 1. mai. 


Publisert 04.11.2021

Innføringskurs i forvaltningsrett for tilsette i kommunane

Etter oppstart våren 2019 har nær 100 deltakarar gjennomført kurset som er utvikla av Universitetet i Bergen i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland. Påmeldingsfrist for våren 2022 er 26. november i år. 


Publisert 19.08.2021

Lovleg vedtak trass sakshandsamingsfeil

Statsforvaltaren har kome til at vedtaket om å endre godtgjersla til varaordføraren i Kinn kommune skulle ha vore på høyring og kunngjort. Vedtaket er gyldig, trass sakshandsamingsfeilen.


Publisert 27.04.2021

Brann Stadion AS kan ikkje få fritak frå eigedomsskatt

Statsforvaltaren har etter ein lovlegkontroll oppheva Bergen bystyre sitt vedtak om fritak for eigedomsskatt for eigedomar tilhøyrande Brann Stadion AS fordi eigedomsskattelova ikkje opnar for fritak.


Publisert 01.10.2020

Rett klageinstans for vedtak gjort av interkommunale selskap

Forvaltningslova krev at særskilde klagenemnder skal vere uavhengige av etaten som har gjort det påklaga vedtaket. Styret i eit IKS kan derfor ikkje vere klageinstans for vedtak gjort av dei som er tilsett i det same føretaket.


Publisert 14.05.2020

Legg bort lovlegkontroll om publisering av barnevernsrapport

Samnanger kommune si avgjerd om å publisere ein granskingsrapport på nett, kan ikkje takast opp til lovlegkontroll etter kommunelova. Vi har derfor avslutta saka utan vidare handsaming.


Publisert 20.11.2019

Opphevar formannskapsvalet i Gulen kommune

Det nyvalde formannskapet i Gulen oppfyller ikkje reglane om kjønnsrepresentasjon i kommunelova. Fylkesmannen har oppheva valet som ulovleg. Kommunen må halde nytt val.


Publisert 11.10.2019

Val av ordførar og varaordførar ved skriftleg votering

Fleire kommunar i landet har gjennomført skriftleg votering ved val av ordførar og varaordførar. Det er ikkje lenger lov etter den nye kommunelova.


Publisert 11.02.2019

Resultata etter gjennomgangen av Tolga-saka

Fylkesmannen i Vestland, Statens sivilrettsforvaltning og Statens helsetilsyn har i dag lagt frem resultata frå gjennomgangen av «Tolga-saka».