Innføringskurs i forvaltningsrett for tilsette i kommunane

Etter oppstart våren 2019 har nær 100 deltakarar gjennomført kurset som er utvikla av Universitetet i Bergen i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland. Påmeldingsfrist for våren 2022 er 26. november i år. 

Publisert 04.11.2021

Kurset er retta inn mot dei som i ein del av stillinga si er saksbehandlar innanfor t.d. pleie og omsorgstenesta, oppvekst og utdanningssektoren, teknisk etat eller andre delar av den kommunale forvaltninga – og har fagbakgrunnen sin frå desse felta. Fellesnemnaren vil vere at ein treng innsikt i og påfyll om regelverket som stiller krav til kommunal saksbehandling.

For kursdeltakarar over 25 år er det ikkje krav til studiekompetanse, medan dei under 25 år må dokumentere dette. Statsforvaltaren legg til grunn at kurset vil vere mest relevant for dei med nokre års arbeidspraksis.

Pensumet og gjennomføringa av kurset blir lagt opp slik at det er tilpassa arbeidssituasjonen, og skal vere praktisk til nytte i deltakaren sin arbeidskvardag. Det blir for det meste nettbasert undervisning,
men med to samlingar ved Universitetet i Bergen, kvar over to dagar. Kurset legg vekt på hovudreglar og trening i vedtaksskriving innanfor den enkelte sitt fagfelt. Kurset blir avslutta med heimeeksamen, og vil gi 10 studiepoeng.

Oppstartsdato med første nettførelesing er torsdag 10. februar.

Dei to helgesamlingane vil bli gjennomførte fredag 25. og laurdag 26. mars og fredag 20. og laurdag 21. mai. Samlingane er fysiske men vil bli strøyma for dei som ikkje kan møte.

Eksamen er torsdag 9. juni.

Elles viser vi til vedlegga på høgre side, der du finn brev som har gått ut til kommunane om kurset inkludert lenke til emneskildringa på UiB.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.