Lovleg vedtak trass sakshandsamingsfeil

Statsforvaltaren har kome til at vedtaket om å endre godtgjersla til varaordføraren i Kinn kommune skulle ha vore på høyring og kunngjort. Vedtaket er gyldig, trass sakshandsamingsfeilen.

Publisert 19.08.2021

Kinn kommunestyre gjorde i møte 10. november 2020 vedtak om å endre godtgjersla til varaordføraren frå 80 til 20 prosent av løna til ordføraren. Tre kommunestyrerepresentantar kravde i etterkant at Statsforvaltaren gjorde ein lovlegkontroll av vedtaket.

Etter kommunelova § 8-4 er det kommunestyret sjølv som gir forskrift om arbeidsgodtgjering. Då kan kommunestyret også endre på reglementet når dei ønskjer det, så lenge dei følgjer reglane for å endre forskrifter. For å endre forskrifter er det eit krav etter forvaltningslova at forskrifta skal på høyring før endringa og at endringa vert kunngjort i ettertid. Vedtaket om å endre godtgjersla til varaordføraren i Kinn kommune var ikkje på høyring eller kunngjort, og Statsforvaltaren kom difor til at det var ein sakshandsamingsfeil.

Trass sakshandsamingsfeilen er det ikkje grunn til å tru at ein meir formell høyringsprosess ville ført til at ytterlegare synspunkt kom fram. Framlegget om å endre godtgjersla til varaordføraren vart først teke opp i samband med samarbeidsavtalen mellom Kinn Arbeidarparti, Høgre og Venstre i august 2020. Framlegget fekk mykje medieomtale fram til saka vart stemt over i kommunestyret i november. Gjennom samarbeidsavtalen til Ap, Høgre og Venstre, førebuingsfasane til kommunestyret og medieomtala er det rimeleg å tru at både politikarar og innbyggarar har vore i posisjon til og hatt tid nok til å kunne gi innspel og påverke spørsmålet om endring av godtgjersleregulativet.

Statsforvaltaren har konkludert med at det er ein sakshandsamingsfeil at forskriftsendringa ikkje var på høyring før ho vart vedteken og heller ikkje kunngjort, men at feilen ikkje fører til at vedtaket om endringa er ugyldig.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.