Opningstider for utsalsstader

Oppdatert 08.04.2024

Butikkar skal som hovudregel halde stengt på søndagar og heilagdagar. Statsforvaltaren kan gi dispensasjon frå dette. Du søkjer om dispensasjon direkte til Statsforvaltaren.

Når Statsforvaltaren behandlar søknader om å halde ope på søndagar og heilagdagar, legg vi vekt på omsynet til arbeidstakarane. Vi kan gi dispensasjon når det er særlege grunnar til det, til dømes i samband med større hendingar, idrettsmeisterskap, jubileum, stemne og marknader. Når vi behandlar ein søknad, vurderer vi alle sider ved arrangementet, også omsynet til arbeidstakarane ved utsalsstaden. Vi hentar inn fråsegner frå fleire partar, og du bør derfor sende søknad om dispensasjon ein til to månader før den aktuelle søndagen eller heilagdagen.

Statsforvaltaren kan etter søknad frå kommunen avgjere at eit område skal reknast for typisk turiststad for heile eller delar av året. Då gjeld ikkje avgrensingane i opningstid i lov om heilagdagar og heilagdagsfred.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 04.06.2020

To nye turiststader i Ullensvang kommune

Fylkesmannen har godkjent Jondal og Odda sentrum i Ullensvang kommune som typiske turiststader.


Publisert 20.03.2020

Ikkje grunnlag for søndagsopne butikkar på grunn av koronaviruset

Fylkesmannen har avslått ein søknad frå Rema 1000 om mellombels dispensasjon til søndagsopne butikkar på grunn av koronaviruset. For allereie eksisterande søndagsopne butikkar, vart det heller ikkje gitt dispensasjon for at butikkane kan få halde hovudlokala opne.