Separasjon

Oppdatert 22.01.2024

Ønskjer du å skilje deg frå ektefellen? Dersom de framleis bur saman eller har budd frå kvarandre i mindre enn to år, må du først søkje om separasjon. 

De kan også  søkje om separasjon i fellesskap. 

Merk deg dette  

  • Hugs å skanne og laste opp vedlegg når du er inne i det digitale søknadsskjemaet. Vi treng vedlegga for å kunne behandle søknaden din. 
  • Har de felles barn under 16 år, må du/de leggje ved meklingsattest. Les meir om mekling på denne sida.
  • Dersom ekteskapet inngått i utlandet, må du/de leggje ved vigselattest. Dette gjeld ikkje dersom de gifta dykk ved ein norsk ambassade i utlandet eller i ei norsk sjømannskyrkje. 

Søknadsskjema 

Bruk knappen «Gå til digitalt søknadsskjema» for å starte utfyllinga av det digitale skjemaet.  

I nokre tilfelle er det ikkje mogleg å søkje digitalt: 

  • Du kan ikkje søkje digitalt dersom ektefellen din ikkje har norsk fødselsnummer.
  • Du kan ikkje søkje digitalt derom de er allereie er registrert som separert i folkeregisteret. Denne situasjonen kan oppstå viss de har vore separert tidlegare, men flytta saman igjen, eller aldri flytta frå kvarandre. 

Får du ikkje tilgang til det digitale søknadsskjemaet eller heller vil bruke papirskjema, finn du det her: papirskjema 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Ektefellar som ikkje ønskjer å halde fram samlivet, kan søkje om separasjon. Du kan søkje åleine, eller de kan begge søkje i felleskap om separasjon. Det er ikkje krav om at de må gi ei grunngjeving for å få separasjon.