Landbruk og mat

Den viktigaste samfunnsoppgåva til norsk landbruk er å sikre nok trygg og variert mat av god kvalitet. Men landbruket medverkar òg til desentralisert busetjing og næringsliv over heile landet, miljøgode som bevaring av biologisk mangfald, kulturlandskap og dei karbonlagra som skogen og jorda utgjer. Landbruket speler òg ei viktig rolle for å vidareføre tradisjonell kunnskap og kultur.

Det er eit politisk mål å halde oppe eit levande landbruk i heile landet. Statsforvaltaren skal medverke til å gjennomføre den nasjonale landbrukspolitikken ved hjelp av informasjon, forvaltning av verkemiddel og lokalt tilpassa tiltak. Statsforvaltaren skal blant anna

  • gi råd og assistanse til kommunane
  • kontrollere kommunane
  • behandle klager på kommunale vedtak innanfor landbrukslovgivinga
  • arbeide saman med andre regionale etatar og organisasjonar for næringsutvikling innanfor jordbruk og skogbruk
  • arbeide for å nå nasjonale målsetjingar for omlegging til økologisk landbruk
  • arbeide for å avgrense nedbygging av dyrka og dyrkbar jord og skog

Statsforvaltaren rettleier også kommunar, organisasjonar, næringsaktørar og bønder om moglegheitene som finst i det offentlege systemet. Statsforvaltaren støttar opp under aktivitetar knytte til utvikling og bevaring av regionale matkulturar, kunnskapsoppbygging om mat og kunnskap om mat og helse, spesielt retta mot barn og unge.

Andre viktige offentlege aktørar innan landbruk er:

Vis meir


20.01.2022

Fagseminar «Kan vipa reddast?»

Statsforvaltaren og BirdLife Hordaland inviterer bønder og vipeinteresserte til seminar om vipa i jordbrukslandskapet torsdag 17. mars. Seminaret set søkelys på den kritisk trua vipa. Finst det effektive tiltak som kan ta vare på eller betre tilhøva for vipa?


19.01.2022

Webinar om kunnskapsgrunnlaget for jordvern

NIBIO arrangerer webinar om kartbasert kunnskapsgrunnlag for jordvern. Webinaret er felles for Vestland og Møre og Romsdal, og vert halde onsdag 26. januar.


13.01.2022

Klima- og miljøpris for landbruket i Vestland

Prisen skal heidre nokon som har gjort ein ekstra innsats ved å formidle eller ta i bruk løysingar som er klima- og miljøvennlege. Løysingane må òg fremje naturmangfald.


07.01.2022

Forsiktig optimisme i Vestlandsskogbruket

Tømmerprisane er gode, skogen på Vestlandet vert hogstmogen, skogsvegnettet er vorte betre og interessa for trevirke aukar, men vi manglar regional trebasert industri.


06.01.2022

Tilskot til kommunale veterinærtenester 2022

Kommunar og veterinærvaktdistrikt i Vestland kan søke om stimuleringstilskot til veterinærdekning innan 11. februar. Rapport og bruk av tilskot i 2021 skal leverast innan same frist.


03.01.2022

Manglande planting etter hogst

Skogeigarar har plikt til å plante skog att etter hogst. Dei fleste skogeigarane forynger hogstflatene og tingar planter i tide, men kvifor er 1800 dekar ikkje forynga i Vestland fylke?


23.12.2021

Tre sortar norske eple til jul

Ny lagringsteknologi gir oss norske eple til jul. I butikkane kan du no få kjøpt Raud Aroma, Elstar og Rubinstep.


22.12.2021

Nyt julemiddagen – den er berekraftig

Julemiddagen er basert på tradisjon og på produkt som er tilgjengelege på denne årstida. Et du mat som har reist kort, tek du eit berekraftig val.


21.12.2021, Endra 22.12.2021

Landbruksplast er naudsynt, men problematisk

Forum landbruksplast er etablert som ein ny nasjonal møteplass for aktørar som ønskjer å finne løysingar på problemet med landbruksplast i naturen.


17.12.2021

Første naturreservat med frivillig skogvern i Lærdal

Berdalen ligg like nord for Lærdalsøyri. Området vart i dag verna som naturreservat i statsråd, som det første frivillig skogvernområdet i kommunen. Eit av verneføremåla er å ta vare på dei store, gamle furutrea. 


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel