Landbruksstatistikk

Her presenterer vi ulik statistikk for landbruket i Vestland.
Vi har laga vår eigen statistikkbank for fylket der du kan sjå korleis landbruket i Vestland utviklar seg både med omsyn til ulike produksjonar og areal. Under finn du og ei samling med utvalde artiklar om jord- og skogbruk i Vestland. Tala og artikkelsamlinga vert oppdatert gjennom året.
Til høgre på sida finn du statistikkbanken vår, i tillegg til lenkjer til tala vi har nytta.
Er du interessert i andre tal eller produksjonar enn det du finn her, ta kontakt med oss.
Statistikkbanken er oppdatert med tal for 2020
Det er gjort nokre endringar i dokumentet.
Publisert 07.10.2020
Statistikken avslører mangel på skogplanting
Nedgang i hogst og auke i planting i 2019 gjer at vi er meir i balanse enn på mange år, men forskjellane mellom kommunane er store.
Publisert 31.08.2020
Statistikkbanken for landbruk er utvida med skogbruksdata
Fylkesmannen i Vestland har utarbeida ein statistikkbank for landbruket i Vestland. No er statistikk for skogbruk kome på plass.
Publisert 16.06.2020
Fylkesmannen lanserer statistikkbank for landbruket
Fylkesmannen i Vestland har samla statistikk om landbruket i Vestland frå opne kjelder og laga vår eigen statistikkbank for landbruket i fylket. Målet er å gjere fakta om landbruket i fylket meir tilgjengeleg både for dei som arbeider med landbruk og dei som er interessert i landbruksutviklinga i Vestland.
Publisert 31.01.2020
Jordbruksarealet i Vestland
Fulldyrka areal i Vestland går ned, medan areal til mellom anna beiting går opp.
Publisert 21.01.2020
Kjøtproduksjon i Vestland
Kjøt frå storfe er den dominerande kjøtproduksjonen i Vestland.
Publisert 13.01.2020
Mjølkeproduksjon frå ku i Vestland
Vestland er eit fylke med mange små og store mjølkebruk, og det fjerde største mjølkefylket for kumjølk.
Kontaktpersonar
Lenkjer
Dokument
Visste du at.... ?
.. over 50% av jordbruksareala i Vestland er leigd?