Mjølkeproduksjon frå ku i Vestland

Vestland er eit fylke med mange små og store mjølkebruk, og det fjerde største mjølkefylket for kumjølk.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.01.2020

Sunnfjord kommune har flest mjølkekyr

Ser vi på kartet nedanfor, ser vi at Sunnfjord kommune har flest mjølkekyr, fulgt av kommunane Stryn, Gloppen og Voss herad. I Vestland er det mjølkeproduksjon i alle kommunane med unntak av Årdal, Fedje og Askøy.

Illustrasjon 1. Tal mjølkekyr i Vestland. Kjelde: Fylkesmannen i Vestland.

Vestland er fjerde største mjølkefylke

Vestland fylke leverte 180 000 tonn mjølk i 2018. Dei største mjølkefylka er Trøndelag med 330 tonn og Rogaland med 280 000 tonn. 

 

Figur 1. Kumjølk levert i tonn. 2018. Kjelde: Difi.

 

Figur 2. Kumjølk levert til meieri. 2009-2018. Kjelde: Difi.

Små endringar i produksjonen

Mjølkeproduksjonen er regulert med kvote som er knytt til gardsbruka i ein kvoteregion. Ser vi på utviklinga, følgjer Vestland om lag same utviklingskruve som dei tre største kvoteregionane. Produksjon av mjølk er relativt uendra innanfor kvoteregionane dei siste 10 åra.

 

Figur 3. Kumjølk levert til meieri, relativ utvikling. 2009-2018. Kjelde: Difi.

Mange mindre produsentar leverer mykje mjølk

Nedanfor ser vi føretak gruppert etter kor mykje som er levert i 2018. Det er registrert leveransar frå 1259 føretak. Vi ser at i gruppa som leverer opp til 100 000 liter mjølk, er det vel 630 føretak, altså halvparten av føretaka.

Gruppa av føretak som leverer mest mjølk totalt sett, er gruppa som leverer mellom 101 000 og 200 000 liter. Samstundes ser vi at produsentane som leverer frå 301 000 liter og oppover leverer nesten like mykje mjølk som dei som leverer minst, sjølv om desse berre utgjer 65 føretak. 

 

Figur 4.Føretak gruppert etter kumjølk levert i 2018. Kjelde: Difi.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.