Urbant landbruk

Dyrkingskassar i full vekst utanfor ein kafe på Møhlenpris i Bergen by. Her kan fleire få litt erfaring med å dyrke eigne grønsaker og korleis vanlege matvekster kan dyrkast fram.
Dyrkingskassar i full vekst utanfor ein kafe på Møhlenpris i Bergen by. Her kan fleire få litt erfaring med å dyrke eigne grønsaker og korleis vanlege matvekster kan dyrkast fram. Foto: Frøydis Linden / SFVL.

Arbeidet med urbant landbruk hos Statsforvalteren i Vestland vil bygge på Nasjonal strategi for urbant landbruk frå 2020. Den prioriterer tre innsatsområde: Berekraftig by- og tettstadsutvikling, auka kunnskap om berekraftig matproduksjon, auka berekraftig verdiskaping og næringsutvikling.

Det er stadig fleire av oss som bur i byar. I Noreg bur 82 prosent av innbyggjarane i byar og andre tettstader i 2020. Det finst allereie mange bynære bønder som produserer mat til naboane sine eller tilbyr tenester på gardsbruka sine (for eksempel Inn på tunet-tilbod). Men det er plass til fleire aktørar og meir mat frå tak og bakhagar i Vestland fylke.

Eit samarbeidsprosjekt om auka berekraft i kommunane

Meir urbant landbruk kan bidra til å utvikle framtida sine byar og tettstader i ein sirkulær og berekraftig retning, i tråd med FN sine mål om berekraft. Urbant landbruk kan, i tillegg til matproduksjon, bidra til næringsutvikling, betre bruk av ressursar, levande lokalsamfunn, betre miljø-og folkehelse, og auka trivsel for mange grupper i samfunnet.

Matjord vert halden i hevd med urbane landbruksaktivitetar, og ein kan spreie kunnskap og erfaring med å produsere mat hjå fleire i samfunnet. I dette ligg det óg eit tilsnitt av samfunnssikkerheit og beredskap. Det er med andre ord ei brei og inkluderande satsing for å auke merksemd og verdiskaping av det å produsere mat lokalt, anten folk bur i byar eller tettstader.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 23.02.2022

Parsellhagen som god møteplass

Å leggje til rette for nye parsellar og god organisering er viktige skritt på vegen til grønare møteplassar i byar og tettstader. No blir parsellhagehandboka publisert i ny drakt, med fleire gode tips til oppstart og drift.


Publisert 27.10.2021

Grønsaksinkubator i vest

For tredje år på rad arrangerer Bondens marknad kurs i småskala grønsaksdyrking etter marknadshageprinsippa. I år legg kurset vekt på marknadshagebonden som entreprenør innan lokalmat.


Publisert 16.04.2021

Ny nettside for markedshage-prosjekt

Oslo og Viken, Vestland og Trøndelag satsar på småskala grønsaksdyrking for sal. Gjennom ei ny felles nettside deler vi kunnskap om drift av marknadshage.


Publisert 23.03.2021

Urbant landbruk i Vestland

Nasjonal strategi for urbant landbruk vart lansert i februar og viser til korleis urbane landbruksaktivitetar kan vere ein ressurs. Fleire stader i Vestland er godt i gang.