Urbant landbruk i Vestland

Bybonden, Ida Kleppe, haustar poteter, urter og grønsaker frå dyrkingskassane på Bryggen i Bergen, og inspirerer byfolk til å produsere mat.
Bybonden, Ida Kleppe, haustar poteter, urter og grønsaker frå dyrkingskassane på Bryggen i Bergen, og inspirerer byfolk til å produsere mat. Foto: Frøydis Lindén/SFVL.

Nasjonal strategi for urbant landbruk vart lansert i februar og viser til korleis urbane landbruksaktivitetar kan vere ein ressurs. Fleire stader i Vestland er godt i gang.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.03.2021

Bergen kommune har allereie ein strategi for Urbant landbruk, og skal utarbeide handlingsplan for Urbant landbruk det neste året. I Førde har forbrukarar drive Vie andelslandbruk på dugnad i fleire år og det same har dei gjort på Lønning Lutlandbruk i Leirvik på Stord.

Tidleg ute i Bergen kommune

Bergen kommune har i fleire år gitt eigne tilskot til Bybonden i Bergen, eit prosjekt drive av Lystgården på Landås (Bærekraftige liv) og Vestland bondelag. Prosjektet fyller mange av dei målsettingane som ligg i strategi for urbant landbruk i Bergen. Bybonden arbeider for tida med fleire delprosjekt. Kompostringen er eit samarbeidsprosjekt med BIR (Bergensområdets Interkommunale Renovasjonsselskap) for å kompostere matavfall i nabolag, og dermed skape fleire sirkulære system i bydelane; Dyrk med Bybonden er fleire små dyrkingskurs på nett og korte samlingar for å få byfolk til å dyrke meir. Dette er beredskap i praksis.

I 2020-21 har Lystgården på Landås fått støtte til to prosjekt: Eitt for å føreslå areal for ein ny parsell for dyrking i kvar bydel i Bergen. I det andre prosjektet skal dei etablere testareal (250 kvm) for dei som ynskjer å prøve ut grønsaksdyrking og etablere ei verksemd, gjennom å drive ein marknadshage for småskala grønsaksproduksjon. Dette er ledd i eit samarbeid med det svenske Stadsbrukprosjektet, som driv eit inkubator- og oppstartsprogram for entreprenørar innan småskala grønsaksproduksjon.

Bjørnafjorden i hundre

Matjord vert halden i hevd med urbane landbruksaktivitetar. Dette spreier kunnskap og erfaring i å produsere mat til fleire i samfunnet. I dette ligg det også eit tilsnitt av samfunnssikkerheit og beredskap. Bjørnafjorden kommune ynskjer å setje i gang eit prosjekt der målet er å gjere kommunen sjølvforsynt i 100 dagar. I prosjektet ynskjer dei å ha med alle bøndene som allereie produserer mat, og inviterer også andre innbyggarar til å bli med på dugnaden. Landbrukskontoret har allereie starta kartlegging av ledige areal, for å kunne etablere både parsellhagar og skulehagar der folk bur tett. Med andre ord er satsinga på urbant landbruk ikkje berre ei satsing for dei største byane, men også for tettstader og lokalsamfunn i heile fylket.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.