Grønsaksinkubator i vest

Markvandring på Bøtun gard i Luster sommaren 2021 var til stor inspirasjon for dei ferske marknadshageprodusentane frå Vestland
Markvandring på Bøtun gard i Luster sommaren 2021 var til stor inspirasjon for dei ferske marknadshageprodusentane frå Vestland Foto: Frøydis Lindén/SFVL.

For tredje år på rad arrangerer Bondens marknad kurs i småskala grønsaksdyrking etter marknadshageprinsippa. I år legg kurset vekt på marknadshagebonden som entreprenør innan lokalmat.

Publisert 27.10.2021

Marknaden i fokus

Over 60 småbrukarar har dei to siste åra vore igjennom marknadshagekurset på Vestlandet, og ein tredjedel sel no grønsaker på lokalmatmarknaden. Dei sel til private kundar gjennom abonnementsordningar, REKO-ringar og Bondens marknad, gjerne i kombinasjon med sal til restaurantar og hotell. Marknadshageprodusentane sel alle varene sine sjølve, og må difor lage planar for marknadsarbeidet frå fyrste stund. Dette har arrangørane teke spesielt omsyn til i årets kurs.

Frå kurs til inkubator

Marknadshagekurset som starta i oktober blir lagt opp som ein inkubator, som er ein slags «rugekasse» for etablerarar. I eit inkubatorprogram blir det lagt stor vekt på å vekkje entreprenørskapstanken frå første stund.

Deltakarane vil mellom anna lære å setja seg god mål, profilering av verksemda og å lage enkle forretningsplanar. I tillegg får dei gode oppstartstips til korleis dei etablerer ein testproduksjon av grønsaker med få investeringar. Med andre ord må marknadshageprodusentar vere like gode på marknadsføring og sal, som på agronomi og å sikre god kvalitet på grønsakene dei sel.

Tal deltakarar er halvert til 15 for å kunne gje tettare oppfølging. Deltakarane vert valde ut etter søknad og får målretta oppstartskurs, nettverksmøte, mentorar og markvandringar i sesong.

Fleire ulike aktørar samarbeider om inkubatoren. Norsk landbruksrådgiving Vest, Lokalmatnettverket i Vest-Norge og lokale næringshagar er involverte undervegs.. Bondens marknad og Statsforvaltaren i Vestland sit i prosjektleiinga.

Testproduksjon er nøkkelen

Det er eit mål å byggje opp produksjonen i takt med tilbakemeldingar frå marknaden og kundane. Sjølv om marknaden for å kjøpe lokalmat er god no, må ein treffe rett i sitt distrikt. Deltakarane vert difor oppmoda om å starte med testproduksjon på eit mindre areal. Testhagane skal vere variert slik at dei får prøvd ut 10-15 ulike grønsaker med ei omsetning på 50 000 - 70 000 kroner det første året.

Deltakarar med og utan gard

Deltakarane kjem frå heile Vestland. Dei fleste i inkubatorprogrammet har eigen gard, og kan søkje støtte frå Innovasjon Norge. Nokre unge deltakarar har ikkje gard (enno), og i Bergen får nokre «jordlause» tilbod om eit tilrettelagt testareal på Stend Vidaregåande skule. Katinka Kilian, frå Lystgården på Landås sitt Bybonde-prosjekt, er prosjektleiar.

Les meir om marknadshageaktivitetane i Vestland på www.markedshage.no.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.