Ny nettside for markedshage-prosjekt

Oslo og Viken, Vestland og Trøndelag satsar på småskala grønsaksdyrking for sal. Gjennom ei ny felles nettside deler vi kunnskap om drift av marknadshage.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.04.2021

Småskala grønsaksdyrking har fått ny giv på mange småbruk dei siste åra, gjennom prinsippa for marknadshage-drift. 

Dele erfaringar frå oppstart

Statsforvaltaren i dei fylka samarbeider om prosjektet Markedshager Norge, og testar ut oppstartsprogram for maknadshagar, etter modell frå eit svenskt prosjekt som heiter Stadsbruk. Det har vore viktig å samarbeide med Stadsbruk for å lære om entreprenøskapsarbeidet dei har gjort og erfaringane frå å lage sterke nettverk. Les meir om dette på nettsida www.markedshage.no

Abonner gjerne på nyhende frå nettsida markedshage.no

Vil utvide med fleire fylke

I tillegg samarbeider prosjektet tett med Norsk landbruksrådgjeving i kvart fylke og ikkje minst med lokalmatnetverka regionalt, for å lage ein lokalt tilpassa modell for oppstart og nettverk for marknadshagar. Fylka har og hatt tett kontakt med organisasjonane som driv Bondens marknad,  andelslandbruks-prosjektet og koordinerar REKO-ringane i Noreg. Innovasjon Norge har og vore ein viktig samarbeidspartnar, då dei frå 2020 forvaltar tilskot til småskala grønsaksproduksjon.

Målet er å inkludere fleire fylker og samarbeidspartnar frå 2022, dersom prosjektet fortsetter, så ta gjerne kontakt for meir informasjon og samarbeid. 

Test-areal og råd til kommunane

Bergen- og Oslo kommune har også eigne prosjektleiarar som arbeider med å få etablert eit tilrettelagt test-areal for gartnarar som ikkje har gard, men ynskjer å starte ein kommersiel produksjon av grønsaker for sal på lokalmatmarknaden. Erfaringane frå desse prosjekta vil også verta formidla gjennom www.markedshage.no og på sikt vere til nytte for fleire kommunar eller private gardar, som kan tilrettelegge for at "jordlause" får leige dyrkingsareal med trygge avtalar.

Grønsaksdyrking på Vie andelslandbruk i Førde, Sogn og Fjordane i 2020.
Grønsaksdyrking på Vie andelslandbruk i Førde, Sogn og Fjordane i 2020. Foto: Frøydis Linden / SFVL.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Lenkjer