Parsellhagen som god møteplass

Det er gøy når hagen gir tilbake! Høsting og beskjæring av ripsbusker i en parsellhage i Bergen.
Det er gøy når hagen gir tilbake! Høsting og beskjæring av ripsbusker i en parsellhage i Bergen. Foto: Frøydis Lindén / SFVL.

Å leggje til rette for nye parsellar og god organisering er viktige skritt på vegen til grønare møteplassar i byar og tettstader. No blir parsellhagehandboka publisert i ny drakt, med fleire gode tips til oppstart og drift.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.02.2022

Dette er ei praktisk handbok for etablering og drift av parsellhagar, i lite eller stort format, på privat eller offentleg grunn. I parsellhagar er det gjerne frå 20-100 personar og familiar som nyttar eit mindre dyrkingsareal (20-40 kvadratmeter) for dyrking til eige bruk. Men sjølve parsellhagen vert ofte drifta i eit fellesskap, med ei arbeidsgruppe eller eit styre som organiserer drifta.

 

Handbok for etablering og drift

Parsellhagehandboka er til for dei som tek initiativ og vil drifte ein parsell. Erfaringar frå drift og organisering i heile landet er difor samla i ein praktisk handbok, som kan gje ein god oppstart og eit godt samarbeid i ein parsellhage. Du finn alt frå agronomiske tips, malar til kontraktar, organisering og tips til rammeverk og kommunal støtte.

 

Parsellhagar i det urbane landbruket

Det er ikkje lenger eit spørsmål om, men korleis byar og lokalsamfunn kan skape gode møteplassar gjennom urbant landbruk. Parsellhagar i ulike storleikar og grad av tilrettelegging kan skape god folkehelse, integrering og livskvalitet. I tillegg er dei viktige grøne element i by- og tettstadsutviklinga, med stor vekt på å skape biologisk mangfald, halde dyrkingsjord i hevd, byggje kunnskap og skape interesse for lokalprodusert mat.  

Statsforvaltaren i Vestland gjev ut parsellhagehandboka i ny design i år, og har produsert dokumentet i samarbeid med Siri Haavie frå parsellhager.no, Lystgården og Bybonden i Bergen og Bergen kommune.

 

Last ned parsellhagehandboka i kolonna til høgre eller under, på denne sida. Det er ein versjon med oppslag, som er grei å lese dersom du har stor skjerm. Viss du vil lese ei og ei side, eller skrive den ut, bruk versjonen med enkeltsider. Lukke til og ta kontakt for tilbakemeldingar eller spørsmål!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.