Barnehage og opplæring

Oppdatert 17.03.2023

Barn og unge har rett til ei god utviklings- og opplæringstid frå barnehagealder til fullført vidaregåande opplæring.

  • Retten til barnehageplass gjeld for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av november det året det blir søkt om barnehageplass. Barnet kan få plass i kommunal eller ikkje-kommunal barnehage.
  • Barn og unge har plikt og rett til ei tiårig grunnskuleopplæring frå dei fyller seks år, og rett til å få denne finansiert av det offentlege. Det er kommunane som har ansvaret for grunnskuleopplæringa.
  • Ungdom mellom 16 og 19 år har rett til offentleg finansiert vidaregåande opplæring. Det er fylkeskommunane som har ansvaret for opplæring på vidaregåande skule.

Statsforvaltaren gjennomfører tilsyn og behandlar klagar

Statsforvaltaren skal informere og rettleie innbyggjarar og eigarar av barnehagar og skular etter opplæringslova, privatskulelova og barnehagelova med tilhøyrande forskrifter. Statsforvaltaren er også klageinstans for enkeltvedtak på desse områda og fører tilsyn etter opplæringslova og barnehagelova.

Tilskot til skular og barnehagar

Det er i hovudsak skule- eller barnehageeigaren og kommunane som har rett til offentlege tilskot. Statsforvaltaren har oppgåver knytte til kontroll, klage og oppfølging av slike tilskot.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

21.03.2023

Informasjon om nye skjermingsreglar for Elevundersøkinga 2023

Det er frå i år nye reglar for elevundersøkinga, og publiseringa av resultat frå desse.


17.03.2023

Barns beste - førebygging av vald og overgrep

3. mai blir det digital konferanse med tema samarbeid og samhandling for å førebygge vald og overgrep mot barn og unge. 


01.03.2023

Introduksjon til læringsressursen «Jeg vet»

RVTS Nord inviterer alle som ønskjer ei innføring i læringsressursen til digitalt kurs 3. mars frå 09.00 til 12.00.


09.02.2023

Kva er skilnaden mellom spesialpedagogisk hjelp og individuell tilrettelegging i barnehagen?

Spesialpedagogisk hjelp (barnehagelova § 31) og individuell tilrettelegging i barnehagen (§ 37) har til felles at begge regulerer hjelp og støtte til barn med spesielle behov. Dette er likevel to ulike rettar med ulikt innhald.   


07.02.2023

Samling om integreringslova 2. mars 2023

Vi inviterer til ei digital samling om integreringslova den 2. mars 2023 frå kl. 09.00 til 11.00 på Teams.


30.01.2023

Statsforvaltaren si rolle og myndigheit i skulemiljøsaker

Statsforvaltaren har gjennom handhevingsordninga myndigheit til å vurdere skulens arbeid for skulemiljøet til enkeltelevar. Vi kan gjennom denne ordninga gi skuleeigar pålegg om korleis skulen skal arbeide vidare med eleven sitt skulemiljø.


27.01.2023

Elevane er mindre tilfreds med skulemiljøet

Sjølv om dei fleste elevar svarar at dei har eit godt læringsmiljø, viser nye tal frå Elevundersøkinga ein svak nedgang på dei fleste områda. Resultata for elevane i Vestland følgjer den nasjonale trenden.


18.01.2023

Om privat heimeopplæring

I inneverande skuleår er det 31 barn i Vestland fylke som får privat heimeopplæring. Dette inneber at foreldra underviser barna sine heime. Kommunane har plikt til å føre tilsyn med at undervisninga er jamgod med den som blir gitt i den offentlege skulen.


11.01.2023

Dagskonferanse om traume

Tema for konferansen er traume og korleis dette påverkar læringa hos vaksne. Målgruppa for fagdagen er lærarar og leiarar i vaksenopplæringa i Vestland.


09.01.2023

Datoar for sensorskulering våren 2023 i vidaregåande opplæring

Her finn du datoane for sensorskuleringar i vidaregåande opplæring våren 2023 i fag Statsforvaltaren i Vestland har sensuransvar for. Oppnemnde sensorar vil bli kontakta for påmelding.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel