Tilskot til bøker i skulebibliotek
Kommunar kan no søkje om tilskot til bøker i skulebibliotek. Tilskotet skal vere eit bidrag slik at kommunane kan kjøpe inn fleire bøker og auke tilgangen til variert litteratur i skulebiblioteka.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 27.05.2025
Kven kan søkje?
Det er kommunane som kan søkje om tilskot. Mottakar av tilskotet kan sjølv prioritere skuletrinn og skuler i tråd med lokale behov. Målgruppa for tilskotet er elevar og lærarar i offentlege grunnskular i Noreg.
Frist for å søkje: 20.juni 2025
Kommunar som ønskjer å søkje, finn meir informasjon om ordninga og søknadsprosessen på Utdanningsdirektoratet si nettside:
Tilskudd til bøker i skolebibliotek | udir.no