Barnehage

Barn i barnehage. Statsforvaltaren rettleiar kommunar og ikkje-kommunale barnehageeigarar etter barnehagelova og fører tilsyn med at kommunane utfører dei oppgåvene dei skal etter barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. (Foto: Oskar Andersen)
Barn i barnehage. Statsforvaltaren rettleiar kommunar og ikkje-kommunale barnehageeigarar etter barnehagelova og fører tilsyn med at kommunane utfører dei oppgåvene dei skal etter barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. (Foto: Oskar Andersen)
Oppdatert 02.01.2023

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen sikre barnas behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Alle kommunar har ei lovfesta plikt til å tilby nok barnehageplassar. Utanom foreldrebetalinga er det kommunane som er ansvarlege for å finansiere barnehagane.

Statsforvaltaren rettleiar kommunar og ikkje-kommunale barnehageeigarar etter barnehagelova og fører tilsyn med at kommunane utfører dei oppgåvene dei skal etter barnehagelova og tilhøyrande forskrifter.

Barnehagen skal sørge for at barna har det trygt og godt

Alle tilsette i barnehagen har ei plikt til å følgje med på korleis alle barna i barnehagen har det. Dei skal gripe inn dersom barn blir utsette for krenkingar. Dette kan til dømes vere utestenging frå leik, plaging, mobbing, vald eller diskriminering.

Dersom du oppdagar at eit barn ikkje har det bra, må du melde frå til styrar i barnehagen. I alvorlege tilfelle må styrar melde frå til barnehageeigar.

Statsforvaltaren er klageinstans

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Viss du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen din til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir deg medhald i klagen din, blir klagen automatisk sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 09.02.2023

Kva er skilnaden mellom spesialpedagogisk hjelp og individuell tilrettelegging i barnehagen?

Spesialpedagogisk hjelp (barnehagelova § 31) og individuell tilrettelegging i barnehagen (§ 37) har til felles at begge regulerer hjelp og støtte til barn med spesielle behov. Dette er likevel to ulike rettar med ulikt innhald.   


Publisert 03.01.2023

Akasia barnehage AS må betale tilbake kommunalt tilskot etter brot på barnehagelova

Vi har gjort vedtak om at Akasia barnehage AS må betale tilbake 28 100 000 kroner til Bergen kommune.


Publisert 20.12.2022

Tilsynsaktivitet på barnehage- og opplæringsområdet i 2022

Statsforvaltaren i Vestland har som oppgåve å føre tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit og kommunen som skuleeigar. I 2022 har vi gjennomført 28 tilsyn. 


Publisert 24.10.2022

Treng barnet ditt spesialpedagogisk hjelp eller eit tilrettelagt barnehagetilbod?

Barn kan ha behov for spesialpedagogisk hjelp, individuell tilrettelegging av barnehagetilbodet, eller begge deler. For at barnet ditt skal få den hjelpa hen har krav på er det viktig å vere merksam på skilnaden mellom dei to ulike rettane.


Publisert 27.09.2022

Nasjonale minoritetar

Alle barn, unge og familiar i barnehage og skule skal møtast som einskildindivid og einskildfamiliar uavhengig av sosial, etnisk og religiøs bakgrunn. Dei same prinsippa gjeld sjølvsagt òg i møte med våre fem nasjonale minoritetar.


Publisert 22.09.2022

Resultatrekneskap frå private barnehagar

Alle private barnehagar skal levere resultatrekneskap i BASIL. Rapporteringa gjeld frå august og fram til 17. oktober 2022, og gir viktig informasjon både til kommunane og staten.


Publisert 22.09.2022

Barnehagerapportering – BASIL 2022

Alle barnehagar som er i drift 15. desember skal levere årsmeldingsskjema i BASIL. Kommunen skal kontrollere og godkjenne årsmeldingsskjema, og sjølve fylle ut opplysningar i «Kommuneskjema».


Publisert 07.01.2022

Tilbod i barnehage og skule for barn med foreldre som er tilsett i barnehage eller skule

Skular og barnehagar er døme på sentrale samfunnsfunksjonar som er vurdert som viktige i handteringa av pandemien. Tilsette i barnehagar og skular med barn under 12 år har rett til eit tilbod for barna i skule og barnehage.


Publisert 04.01.2022

Møte om regelverket knytt til pandemihandtering

Statsforvaltaren i Vestland hadde i dag eit møte med kommunane der vi gjorde greie for det midlertidige regelverket knytt til handtering av Covid-19 i skulesektoren.


Publisert 26.08.2021

Webinar om statistikk

Utdanningsdirektoratet har oppdatert sine nettsider der tal og statistikk frå barnehage, skule og fag og yrkesopplæringa blir publisert. Det er kome ny funksjonalitet og nytt innhald som dei ønskjer å presentere for utdanningssektoren.